Sommartips i Hå

Her er nokre forslag til kva du kan finna på i den flotte kommunen vår i sommar.

Hei Hå

Sei Hei til Hå i sommar, og bli kjent med dei flotte turområda i kommunen. Turkortet har ti turar og ti tips til aktivitetar. Turane er spreidde rundt i kommunen og alle som går tre eller fleire turar får medalje. I tillegg blir det trekning av årskort på Jærmuseet og fine premiar frå Hå gamle prestegard.

Bilde av Hei Hå-brosjyrar og medaljar. Foto. - Klikk for stort bilete

TellTur

TellTur er friluftsrådet sin elektroniske postkassetrim. Her kan du finna turmål og registrera resultata dine. Du kan konkurrera med seg sjølv eller med andre turgåarar om å nå fleire mål! Bruk dette kartet for å sjå kva turmål du kan finna med TellTur.

Stolpejakt

Endeleg er den populære Stolpejakten på plass på Nærbø! Nå kan du finna stolpar i Nærbøparken, langs Dalabekken, i Hanabergsmarka og i sentrum.

Strandliv og bading

Bilde som viser fire menneske som spring ut i havet. Foto. - Klikk for stort bilete Fabel

Våre spektakulære strender byr alltid på sand mellom tærne, bølgeskvulp og herleg sjøluft.  I Hå har me nokre av dei flottaste strendene i landet, frå Sirevåg i sør til Refsnes i nord.

​Sommartilbod for barn og unge

Illustrasjonsbilde av jente som deltar på Barn i juli. Foto. - Klikk for stort bilete

Barn i juli

Barn i juli er eit gratis ferietilbod for dei som startar i 4. klasse til dei som startar i 7. klasse. Det føregår kvar vekedag mellom klokka 09.30 og 12.00 1.-26. juli på Hå kulturtorg, Nærbø.

  • Mange ulike aktivitetar inne og ute, og gratis mat til alle. 

Ung i juli

Ung i juli er eit gratis ferietilbod for ungdom som skal starta i 8. klasse og opp til 18 år. Det føregår kvar vekedag mellom klokka 12.30 og 15.30 1.-26. juli på Hå kulturtorg, Nærbø.

  • Her kan du spela instrument, dansa, spela brettspel, teikna, drøsa, syngja og vasa. Du kan treffa andre å ha lag i, møta nye vener, testa nye hobbyar og ha det gildt. Enkel servering av brødmat. 

Meir informasjon:

Hå gamle prestegard og Obrestad fyr

Ta deg ein tur innom i sommar og opplev fleire spennande utstillingar. Turterrenget er fantastisk uansett ver, og legg gjerne ein tur innom hagen til prestegarden og smak på urter som blir brukt i kafeen. I kafeen kan du slappa av, nyta maten, atmosfæren og utsikta utover havet. Kafeen har også eit kjekt leikerom for barn. I kunstbutikken er det alltid noko nytt og å finna til deg sjølv eller som ei unik gåve.

Opningstider i juli og august:

Sykla Jærruta

Har du lyst til å oppleva Jæren og Hå på ein ny måte? Sjekk ut Jærruta! Trø i veg på el-sykkel med vind i håret og kraft i tråkka. Besøk for eksempel Hå Gamle Prestegard, Vitengarden, Ystepikene, Ogna Golfklubb, Grønefed Kulturtun eller Pauserommet på vegen. Overnatt på hotell, fyr, campingplassar eller kanskje i ei tretopphytte!

Nå er ruta ferdig skilta og klar for å ta imot deg!

Fisking 

Det er gode moglegheiter for fisking både i Brattlandsåna og i Nordre Varhaugselva på Varhaug. 

Du kan fiska på sørsida av Brattlandsåna langs den kommunale turstien.

Jæren jakt- og fiskelag sel døgnkort. Prisen er 80 kroner for medlemmer, og 120 kr dersom du ikkje er medlem.

Ungdom opp til 18 år kan fiska gratis.

Fisketida er frå 15. juli til 31. august.

I Elveguiden finn du meir informasjon om fiskesesongen

Sommaraktivitetar på Vitengarden

Illustrasjonsbilde som viser barn som leikar med vatn utanfor Vitengarden. Foto. - Klikk for stort bilete

Det er mykje å finna på for små og store på Vitengarden, og desse vekene i sommar skjer det litt ekstra:

  • 24.-28. juni: Bygg med erter og tannpirkarar
  • 1.-5. juli: Steinkunst
  • 8.-12. juli: Bygg med lego
  • 15.-19. juli: Kromatografi og Lydlab
  • 22.-26. juli: Nålefilting
  • 29. juli - 2. august: Vikingsnor
  • 5.-9. august: BeeBot

Du finn meir informasjon på nettsidene til Jærmuseet.

Utlån av friluftsutstyr

Treng du telt, hengekøye, utstyr til matlaging ute eller kanskje ein kano? På frilager.no kan du leiga friluftsutstyr til turar og arrangement.

I Hå kommune er det to hentebuer du kan plukka opp utstyret i. Den eine står på parkeringsplassen nær Torlandsvegen 14 ved idrettsanlegget på Nærbø og den andre står ved idrettsanlegget på Varhaug ved innkøyringa frå Opstadvegen 583.

Sommarles.no på biblioteka i Hå

Plakat som reklamerer for Sommarles 2024. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete

Har du barn som skal starta i 1. klasse eller går i 1. til 7.-klasse? Bli med på lesekampanjen Sommarles! Barna kan laga seg ein profil og registrera alt dei les frå 1. juni til 31. august. 

  • Barna får poeng for kvar side dei les.
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
  • I tillegg til poeng, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar.

Du finn alltid oppdaterte opningstider på nettsidene til Hå bibliotek.