- Me har plassert ut 29 stolpar i Nærbøparken, langs Dalabekken og i Hanabergsmarka slik at du kan bli kjent i nærområdet på ein heilt ny måte. Me har også sett ut nokre stolpar i sentrum slik at me får knytta i saman desse fantastiske turområda våre, seier Randi Stokkeland, konsulent for idrett og friluftsliv i Hå kommune.
Saman med Helene Østby Larsen, avdelingsdirektør for Vitengarden, har ho nettopp plassert ut dei nye stolpane.
- Eg har gått ein del på stolpejakt sjølv andre plassar i landet, og eg synest det er eit flott konsept for å koma seg ut og å oppleva nye plassar. Stolpane har ulik vanskelegheitsgrad. Dei fleste her på Nærbø er enkle og kan nåast både med barnevogn og sykkel, seier Helene Østby Larsen.
- Du kan ta stolpejakten på Nærbø som ein lang rundtur eller dela turen opp i fleire småturar. Det er opp til deg, legg ho til.
Slik funkar det:
- Last ned appen Stolpejakten.
- Opprett ein gratis konto.
- Bruk kartet på appen til å finna stolpar
- Registrer QR-kodane på stolpane med appen
- Samla poeng og bli med i trekninga av fine premiar
Avdelingsdirektør for Vitengarden, Helene Østby Larsen, og konsulent for idrett og friluftsliv i Hå kommune, Randi Stokkeland.Ferieaktivitet
Det finst over 1000 stolpar i Norge, så når du er ferdig å jakta stolpar på Nærbø, har du ein gild og gratis aktivitet når du skal på ferie.
Stolpejakten i Hå blir arrangert av Vitengarden og Hå kommune. Opplev Jæren er samarbeidspartnar.
Fleire turtilbod
Hå har fantastiske turområde i heile kommunen. Dersom du likar å samla poeng når du går på tur, kan du sjekka ut turkortet «Hei Hå» på www.ha.no/hei eller bli med på den elektroniske postkassetrimmen TellTur på https://www.telltur.no.