UNG I JULI (2022)

"Ung i juli" er eit gratis ferietilbod for ungdom for dei som startar i 8.klasse og opp til 18 år. Det føregår kvar vekedag mellom klokka 12.00 og 15.00 i juli månad på Hå kulturtorg. 

"Barn i juli" er for elevar frå 4. og til dei som skal starte i 7.klasse. Informasjon finn du her.

Her kan du spela instrument, dansa, spela brettspel, teikna, drøsa, syngja og vasa. Du kan treffa andre å ha lag i, møta nye vener, testa nye hobbyar og ha det gildt. Som tidlegare vert det vinyltrykk på t-skjortar, lage button, kjøre/mekke radiostyrte biler og meire til. Enkel servering av brødmat. Ungdom som treng tilrettelagte fritidsaktivitetar er også velkomne med følge. 

FOR KVEN: Ungdom frå heile Hå, frå dei som startar i 8.klasse og opp til 18 år. Alle får mat og drikke.

DAGAR: Måndag til fredag i juli frå 1.juli-29.juli

KOR: Hå kulturtorg, Torlandsvegen 14, Nærbø
KLOKKA: 12.00-15.00
PRIS: Gratis 
PÅMELDING: Nei. Det er bare å møta opp
NETTSIDE: www.ha.no/ungijuli
FACEBOOKLoen Ungdomsklubb  Lensmannsløa ungdomsklubb Ogna Ungdomsklubb

PRESSE (2019-2020):
Jærbladet - Gratis sommartilbod for ungdom i Hå (PDF, 769 kB)
Jærbladet - Nytt ferietilbud har ført til nye vennskap (PDF, 2 MB)
Varhaugbuen 2020 (PDF, 5 MB)

PROSJEKTLEIARAR 2022:
Annette Jensen Gimre, Hå kulturtorg
Ragnvald Wernøe, Hå kulturskule  - Mobil 41532618 / E-post rwe at ha.kommune.no

UNG I JULI 2022 ER STØTTA AV
Hå kommune
Gjensidigestiftelsen
Hå kulturskule
Bufdir
Folkehelsemidler Hå kommune