Reglar for utleige

Aldersgrense

  • Du må vera over 20 år for å kunna leiga Lensmannsløa.
  • Til festarrangement på kveldstid og i helger, må du vera 30 år eller meir.

Omsyning

Alle som skal ha bryllaup eller større arrangement oppe på løa, må ta kontakt med Annette Jensen Gimre på telefon 48 08 78 34 for omsyning i forkant. Då vil det vera ein gjennomgang av bruk av projektor, lydanlegg, steamer, nøklar osv. Ho kan møtast ettermiddagstid på tysdagar.

Betaling

  • Bestillinga er bindande.
  • Du må betala halv leigesum viss du avbestiller seinare enn fire veker før leigeperioden. Avbestillinga må vera skriftleg. Send den til servicetorg@ha.kommune.no
  • Det kostar 100 kroner å endra bestilling.
  • Du vil bli fakturert eit tilleggsgebyr om du brukar fleire rom enn du har bestilt. Me sender faktura til adressa du skriv i bestillinga.
  • Lokale lag og organisasjonar i Hå som er i Frivilligregisteret, leiger gratis til eige lags arbeid i vekene. I helga må dei betala 1000 kroner for utvask.
  • Kommunale tenesteområde/avdelingar i Hå, kan leiga løa gratis kvardagar fram til kl 16. Etter klokka 16 og helgedagane, er det full leigepris.

Tidsfristar

  • Kvardagar er lokalet tilgjengeleg til klokka 23.
  • Fredag, laurdag og sundag er lokalet tilgjengeleg frå klokka 08:00 til klokka 02:00.
  • Lokalet kan vera oppteke dagen før leigedato. Viss du vil dekka dagen før, må du leiga ein ekstra dag.
  • Du kan ringa til servicetorget klokka 13.30 dagen før selskapet, og høyra om lokalet er ledig.
  • Dersom du vil venta med ryddinga til dagen etter selskapet, må du leiga ein ekstra dag.
  • Du kan ikkje reservera Lensmannsløa lengre enn eitt år fram i tid til arrangement. Prisane blir justert kvart år.

Nøkkelkode

  • Nøkkelkode får du ved å ringa servicetorget i Hå rådhus tlf 51 79 30 00, nokre dagar før du leiger. Telefontidene er måndag-fredag 9-14.

Alkoholservering

  • Det er lov å servera alkohol i Løeståvå, men du må søka om skjenkeløyve for all servering av alkohol. Søknadsskjemaet finn du på www.ha.no/skjenking. Løyvet kostar kr 400,- for eit lukka selskap.
  • Det er ikkje lov å ha med medbrakt alkohol i Lensmannsløa (posefest).

Dyr

  • Det er ikkje lov å ha dyr i lokala.

Brann

  • Du skal setja deg inn i branninstruksane som er slått opp i lokalet.
  • Rømningsvegane må ikkje sperrast
  • Viss brannalarmen går ved ein feil, og det ikkje blir avblese (ring 110), må du betala for utrykking.

Vinterstengt løe (2. etasje)

  • Løa er uisolert og kald vinterstid. Den er derfor stengt for bryllup og selskap frå 1. oktober til 1. april. Løestova nede er open heile året.

Støy

  • Hugs at Lensmannsløa ligg midt i eit stille nabolag. Vis omsyn til naboane, og demp lyden etter klokka 24:00. Dersom du skal spela høg musikk, skal naboane varslast.

Rydding og vasking

  • Leigetakar er ansvarleg for rydding, reingjering og tømming av søppel etter bruk.
  • Vask av golv og toalett er inkludert i prisen, men golvet skal moppast der det har vore sølt. Dersom dette ikkje blir gjort skikkeleg, fakturerer me eit tilleggsgebyr.
  • Vaskeutstyr finn du i kottet bak kjøkken.
  • Gjer reint stolar, bord, kjøkkenbenk, og det som er brukt på kjøkkenet.
  • Rydd borda på plass etter bruk. Stabla maks seks stolar i høgden.
  • Det er ikkje lov å flytta bord opp frå første til andre etasje. 

Søppel

  • Hugs at uteområdet er midt i ein barnehage. Ikkje la sneiper og søppel ligga att. Alt avfall skal leggast i søppeldunkar i søppelskuret, merka med «Lensmannsløa». Nøkkel finn du på kjøkkenet.
  • Ved fulle dunkar er du ansvarleg for å ta med deg avfallet.

Uhell og skadar

  • Leigetakar er ansvarleg for skade på utstyr og lokale, og må erstatta eventuelle tap.
  • Ta kontakt med servicetorget på 51 79 30 00 om noko blir øydelagt. Meir informasjon i ein raud perm på kjøkkenet finn du informasjon om bruk av varmepumpe, låsing og anna. Hugs å sjekka at alle dører er låste og vindauge er lukka før du forlet lokalet.