Folkepulsen i Hå Til søknadskjema - tilskot frå Folkepulsen i HåIdrettsrådet i Hå samarbeider med Hå kommune om prosjektet Folkepulsen.Du kan finna meir informasjon om aktivitet i regi av Folkepulsen på folkepulsen.noMålet for Folkepulsen er å leggja til rette for auka fysisk aktivitet for inaktive menneske, våre nye landsmenn og menneske med redusert fysisk og/eller psykisk funksjonsevne.Idrettslaga i Hå har ulike Folkepulstiltak. Ta kontakt med ditt lokale lag for å finna ut kva tilbod dei har. Klikk her for å koma til oversikt over idrettslaga i Hå kommune.Alle idrettslag som høyrer inn under Hå Idrettsråd kan søkja tilskot gjennom Folkepulsen i Hå til aktivitetar som er særskild retta mot inaktive vaksne, innvandrarar og/eller menneske med nedsett funksjonsevne.Tilskotsordninga omfattar:nye aktivitetar.rekrutteringstiltak/tilrettelegging for dei aktuelle målgruppene til eksisterande aktivitetar. Sist endra 16.09.2024 12.57