Demensvennlig samfunn er ein informasjonskampanje i regi av Nasjonalforeningen for Folkehelse. Det er ein kampanje som rettar seg mot privat og offentleg servicenæring, og tar for seg korleis ein kan gi best mulig service til personar med demens. Norske kommuner inngår ein avtale med Nasjonalforeningen for folkehelse om å vera eit Demensvennlig samfunn.
Hå kommune er eit Demensvennlig samfunn
Kommunen inngjekk avtale med Nasjonal foreningen for folkehelse i september 2022, me er nå i gong med undervisning rundt i lokalmiljøet. Servicetorget og ordførar Jonas Skrettingland var den første som fekk undervisning av demenskoordinator.
Nasjonalforeningen for folkehelse har utarbeida eit standardisert undervisningsopplegg som blir nytta i opplæringa. Det handlar om generell informasjon og opplæring til både personell i offentleg og privat servicenæring.
Bakgrunn for avtalen
Over 100 000 mennesker i Norge har demens, og over halvparten bur i sine egne heimer. Med økande del eldre menneske i Norge, vil antalet av personar med demens øka. Det å vere ramma av ein demenssjukdom kan føra til utfordringar med orientering, utføring av oppgåver som eksempelvis betena betalingsterminal, forstå køsystem, ta valg når ein eksempelvis gjer innkjøp, manglande forståing av omgivnadene og manglande språk eller språkforståing er og ein utfordring. Bestilla timar og formidla seg kan og vere vanskeleg.
Formål med avtalen
Formålet med avtalen er å leggja til rette for at Hå kommune skal arbeida for å bli meir demensvennleg, slik at innbyggjarane med demens kan møta større forståing, respekt og støtte. Og på denne måten kunne oppleva ei betre inkludering i lokalsamfunnet. Det å bli inkludert og delta i daglege aktivitetar som å handla i butikker, bruke offentleg transport, delta i kultur- og sportsaktivitetar og benytte seg av ulike offentlege tilbod er viktig for personar med demens.
Andelen personar med demens økar kraftig. Tall som er estimert for Hå kommune kan du sjå her: Demenskartet – Aldring og helse
Har du ønske om meir informasjon om kva som skal til for å bli eit Demensvennleg samfunn ta kontakt med demenskoordinator på tlf. 48 27 50 47.