Viktig melding

Lukk meldinga

Demensarbeid

Demens er ei fellesbenevning for fleire hjernesjukdommar. Tidlege tegn på demens kan vera vanskeleg å oppdaga, både for personen sjølve og for dei rundt. For nokon kan språk, minne eller orientering vera det første som sviktar. For andre er det endringar i personlegdom og humør. Den vanlegaste typen er Alzheimers.

 

Kva er demensvennleg samfunn?

Logoen til eit mer Demensvennlig samfunn. Illustrasjon - Klikk for stort bilete

 

Demensvennlig samfunn er ein informasjonskampanje i regi av Nasjonalforeningen for Folkehelse. Det er ein kampanje som rettar seg mot privat og offentleg servicenæring, og tar for seg korleis ein kan gi best mulig service til personar med demens. Norske kommuner inngår ein avtale med Nasjonalforeningen for folkehelse om å vera eit Demensvennlig samfunn.

 

 

 

 

 

 

Hå kommune er eit Demensvennlig samfunn

Kommunen inngjekk avtale med Nasjonal foreningen for folkehelse i september 2022, me er nå i gong med undervisning rundt i lokalmiljøet. Servicetorget og ordførar Jonas Skrettingland var den første som fekk undervisning av demenskoordinator.

Nasjonalforeningen for folkehelse har utarbeida eit standardisert undervisningsopplegg som blir nytta i opplæringa. Det handlar om generell informasjon og opplæring til både personell i offentleg og privat servicenæring.

 

Bakgrunn for avtalen

Over 100 000 mennesker i Norge har demens, og over halvparten bur i sine egne heimer. Med økande del eldre menneske i Norge, vil antalet av personar med demens øka. Det å vere ramma av ein demenssjukdom kan føra til utfordringar med orientering, utføring av oppgåver som eksempelvis betena betalingsterminal, forstå køsystem, ta valg når ein eksempelvis gjer innkjøp, manglande forståing av omgivnadene og manglande språk eller språkforståing er og ein utfordring. Bestilla timar og formidla seg kan og vere vanskeleg.

 

Formål med avtalen

Formålet med avtalen er å leggja til rette for at Hå kommune skal arbeida for å bli meir demensvennleg, slik at innbyggjarane med demens kan møta større forståing, respekt og støtte. Og på denne måten kunne oppleva ei betre inkludering i lokalsamfunnet. Det å bli inkludert og delta i daglege aktivitetar som å handla i butikker, bruke offentleg transport, delta i kultur- og sportsaktivitetar og benytte seg av ulike offentlege tilbod er viktig for personar med demens.

 

Andelen personar med demens økar kraftig. Tall som er estimert for Hå kommune kan du sjå her: Demenskartet – Aldring og helse

 

Har du ønske om meir informasjon om kva som skal til for å bli eit Demensvennleg samfunn ta kontakt med demenskoordinator på tlf. 48 27 50 47.

 

Demenskoordinator

Demenskoordinator skal fungera som eit bindeledd mellom personer med demens og deira pårørande.

 

Ring demenskoordinator Anne Dagny Versland på tlf. 48 27 50 47 viss du treng kontakt.

 

Hukommelsesteam

 

Hukommelsesteamet:

  • Kan lytta til deg og din familie
  • Kan kartleggja og greia ut saman med fastlege 
  • Kan gje råd og rettleiing
  • Kan finna praktiske løysingar i kvardagen
  • Kan informera om tenester og tilbod

 

 

Demenskoordinator skal fungera som eit bindeledd mellom personer med demens og deira pårørande.

 

Hukommelsesteamet er eit tverrfagleg team som består av demenskoordinator, demenskontaktar i heimetenesta, fastlege og andre yrkesgrupper. Hukommelsesteamet bistår med kartlegging og utgreiing av demens i heimen.

 

Samtalegrupper er et tilbod om støtte og møta andre i same situasjon.

 

Brukar- og pårørandeskule blir arrangert årleg med fokus på å gje informasjon og rettleing om sjukdomen, og møta andre i same situasjon.

Korleis komma i kontakt?

  • Ta kontakt med din fastlege for å få tilvising til hukommelsesteamet.
  • Heimesjukepleien i ditt område kan hjelpa deg vidare.

 

Tegn på demens

  • Gjentar seg sjølv
  • Ikkje orientert for tid og stad
  • Humørforandringar
  • Språkproblem
  • Problem med å kjenna igjen personar

 

Oppfølging etter demensdiagnose

  • Kontaktperson
  • Oppfølging
  • Avlasta pårørande
  • Styrka deg og dine pårørande sine evner til å mestra situasjonen

 

Meir informasjon Telefon: 48 27 50 47

Besøksadresse: Klokkarhagen, Klokkartunet 51, Varhaug

 

 

Pårørandeskule og demensskule

Meir informasjon om demens

www.ha.no/demens

www.nasjonalforeningen.no/demens

www.aldringoghelse.no

www.parorendesenteret.no

Jæren demensforening

Demenslinjen tlf. 23 12 00 40