Det er to ulike måtar å endre størrelsen på eigedommen på, alt etter kor stor endringa er:
Grensejustering
Mindre justeringar på grensene heiter grensejustering, og desse treng du ikkje søka om, eller tinglysa.
- Det forutset at endringa er mindre enn 5% av den minste tomta, eller mindre enn 500 kvm.
- Eigedommane må også vera regulert til same formål. Sjå vår Kartportal
- Om eigedommane ikkje er regulerte til same formål, for eksempel veg og bustad, må du søka om løyve til dette etter plan- og bygningslova.
- I tillegg kan ikkje grensejusteringa endra verdien på nokon av eigedomane med meir enn grunnbeløpet i folketrygda.
- Offentleg godkjente grensemerke blir sett ned der det er mogleg.
- Du får matrikkelbrev for eigedommen.
Den som ønsker å justera grensa på eigedomen sin, må senda inn søknad. Søknaden må signerast av alle eigarar av dei involverte eigedomane.
Grunneigedom, festegrunn og jordsameige:
- Areal frå 0 til 250 m²: 6.970 kroner
- Areal frå 251 til 500 m²: 9.150 kroner
Anleggseigedom:
- Areal frå 0 til 250 m²: 11.340 kroner
- Areal frå 251 til 1000 m²: 13.850 kroner
Dette må du legge ved søknaden
Arealoverføring
Dersom arealet du ønsker å justere er større enn 500kvm eller 5% av den minste eigedommen, heiter dette arealoverføring. Arealoverføring er et søknadspliktig tiltak, og krever løyve. Dersom søknaden blir godkjent, blir saka sendt vidare til ein landmålar frå kommunen for vidare gjennomføring.
Det er eigarane av dei to involverte eigedommane som kan søka om arealoverføring.
Du får oppmålt, vist og merka eiendomsgrensa di, og du får sett ned offentlege grensemerke der det er mogleg. Dei nye eigedomsgrensene blir registrert i eigedomsregisteret, og du får tilsendt oppdatert matrikkelkart.
Søknadsprosessen ved ei arealoverføring består av to trinn:
1. Du må søka til byggesaksavdelinga om arealoverføring
Dette må du legga ved søknaden:
Slik søker du:
2. Du må bestilla oppmålingsforretning hjå oppmålingsavdelinga
Kva skjer etter at du har søkt?
Når søknaden er godkjent av byggesaksavdelinga, og skjema om oppmåling er bestilt, tek me kontakt med deg.
Grunneigedom, festegrunn og jordsameige:
- Areal frå 0 til 250 m²: 9.150 kroner
- Areal frå 251 til 500 m²: 11.340 kroner
- Per ny påbegynt 500 m²: 700 kroner
Anleggseigedom:
- Areal frå 0 til 250 m²: 15.630 kroner
- Areal frå 251 til 500 m²: 18.140 kroner
- Per ny påbegynt 500 m²: 1.600 kroner
I tillegg må du betala gebyr for byggesaksbehandling, dokumentavgift og tinglysingsgebyr.