§ 3-1 Bokmål og nynorsk for elevane i grunnskulen

Hovudmålet i grunnskulane i Hå kommune er nynorsk.

Elevar på 1. til 7. trinn skal i det skriftlege arbeidet bruke det skriftspråket som kommunen har vedtatt som hovudmål for skolen. Foreldra til elevane vel likevel om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som hovudmål, og om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk.

Når minst ti elevar på eitt av trinna 1 til 10 i ein kommune ønskjer eit anna skriftspråk som hovudmål enn det som er vedtatt for skolen, har dei rett til å bruke og å få opplæring på dette skriftspråket i ei særskild gruppe.

Søk via skulen ved rektor dersom de ønsker bokmål som hovudmål.

Elevane har rettar etter opplæringslova uavhengig av eventuelle tidsfristar, men for at kommunen skal ha rimeleg tid til å organisera og førebu opplæring i eigne bokmålsgrupper frå skulestart i august, har me sett frist til å søkja om det til 15. mars