Privat bruk av metalldetektor

Privat bruk av metallsøkar har auka mykje dei siste åra, særleg på pløgd mark. Metallsøking fører kvart år til funn av mange arkeologiske gjenstandar som er viktige for forsking, formidling og forvaltning.

Privat bruk av metallsøkar er tillate i Noreg, men som metallsøkar har du ei plikt til å setta deg inn i lovar og reglar som er relevante for aktiviteten. Særleg kulturminnelova har reglar som får betydning for forholdet mellom metallsøking og automatisk freda kulturminner. 

Hugs:

  • Før du set i gang med bruk av metalldetektor, må du avklara dette med grunneigar. Ved bruk på offentlege område, skal du ta kontakt med kulturvernmyndigheitene (sjå kontaktliste).
  • Du må ikkje grava eller øydelegga kulturminne, og du må respektera andre sine rettar og interesser.
  • Du må alltid melda frå til Rogaland fylkeskommune innan éin arbeidsdag om du finn noko som kan vera eit kulturminne.
  • Ta kontakt med Rogaland fylkeskommune om du trur du har funne ein gammal gjenstand. Det kostar ingenting å seia ifrå, og det du finn kan vera ein viktig del av historia vår.

Ikkje vask funnet!

Finn du ein gammel gjenstand i bakken, skal du ikkje grava vidare. Du må heller ikkje vaska eller reinsa funnet.

Finnarlønn                   

Det kan verta utbetalt finnarlønn til dei som leverer inn arkeologiske funn. Det er Riksantikvaren som fastset og utbetaler finnarlønn. Summen vert normalt delt likt mellom finnar og grunneigar. Me minner om at det er ulovleg å selja gamle gjenstandar som tilhøyrer staten.

Ta gjerne kontakt

Rådgivarar i Rogaland fylkeskommune kan gi deg anbefalingar og råd om korleis du skal gå fram når du gjer metallsøk. Dei kan også visa deg til andre som driv med metallsøking, for eksempel Rygene Detektorklubb som har mykje kunnskap og erfaring på feltet. Me anbefaler alle som ønsker å ha metallsøking som hobby om å bli medlem i ein etablert klubb i sitt nærområde.

Kontaktinformasjon

Sjå også Riksantikvaren si nasjonale rettleiing for metallsøkar

English version: The private use of metal detectors

In recent years the use of private metal detectors has increased a lot, especially on agricultural land. Every year, metal detecting leads to the discovery of many archaeological objects that are important for research, teaching and museum work.

The use of metal detectors is permitted in Norway, but as a user you have a duty to familiarize yourself with the laws and regulations that are relevant. In particular, the Cultural Heritage Act has rules that have an impact on the relationship between metal detecting and automatically protected cultural heritage.

Remember:

  • Before you start using a metal detector, you must clarify this with the landowner. For use on any public areas, you must contact the conservation authorities (see contact list).
  • You must not dig or destroy cultural monuments, and you must respect the rights and interests of others.
    You must always report to Rogaland County Council within one working day if you find something that could be a cultural monument.
  • Contact Rogaland County Council if you think you have found an old object. It costs nothing to speak up, and what you find may be an important part of our history.

Do not wash the found item!

If you find an old object in the ground, do not dig further. You must not wash or clean the find.

Finder reward

A finder reward can be paid to those who hand in archaeological finds. It is the National Antiquities Authority that determines and pays the finders' reward. The sum is normally divided equally between the finder and the landowner. We remind you that it is illegal to sell old objects that belong to the state.

Please contact us

Advisers in Rogaland County Council can give you recommendations and advice on how to proceed before starting metal searches. They can also refer you to others, for example Rygene Detektorklubb, who have a lots of experience in the field. We recommend anyone who wants to start metal detecting as a hobby to become a member of an established club in their local area.

Contact list

The National guidelines for use of metal detectors