8. mars
“Alene ut, fra Menigheten Samfundet til evig fortapelse”
"Ein viktig bok om eit lukka miljø - og ei nær og sterk forteljing om personleg mot og konsekvensane av vanskelege val." Tarald Aano, Stavanger Aftenblad terningkast 5
Presentasjonen av boka ved forfatter Bjørn Markussen.
Bjørn Markussen er utdanna pedagog, men har gjennom yrkeslivet sitt jobba mest med journalistikk, marknadsføring og leiing. I rundt 25 år var han journalist og redaktør i Vårt Land, Varden og Fædrelandsvennen. Han jobba spesielt med livssynsstoff og ikkje minst med trusamfunn og religiøse praksisar som avgrensar vanleg livsutfalding.
Medlemmane i Menigheten Samfundet i Kristiansand og Egersund kan berre gifte seg med kvarandre. Barna skal gå på menighetens skular. Tolv menn bestemmer.
19 år gamle Robin Andersen ønsker å bryte med menigheten, men vågar han? Heile familien hans; mamma, pappa, sysken, besteforeldre på begge sider, tanter, onkler og alle vennane hans – absolutt alle tilhøyrer menigheten. Og han har sett korleis det har gått med andre som har meldt seg ut. Veke etter veke gjennom sju år – medan han står midt oppi det vanskelege – fortel Robin si historie.
Ved hjelp av interne og hemmelege dokument avdekker forfattaren Bjørn Markussen korleis Samfundet blir styrt, reglane som skal følgjast, og korleis medlemmane bruker Bibelen når dei forkynner at alle andre kyrkjer er falsklærande.
Robin Andersens forteljing blir fletta saman med eit portrett av trusamfunnet han vil ut av. Menigheten Samfundets særeigne og kontrollerande regelverk og haldning til omverda blir grundig dokumentert.
Ståvå er flytta til “Litlaståvå” på Nærbø bibliotek pga byggjearbeid ved Kulturtorget denne dagen.