Vil du bli med på laget?

I Hå kommune har me 14 kommunale barnehagar. Dei har ulik storleik og ulikt innhald. Her finn du sentrumsbarnehagar, andre med nærleik til kyst eller mark, idrettsbarnehage, kulturbarnehage, og mange andre små og store barnehagar som jobbar aktivt med å gi barna det viktigaste: Ein god start på livet.

Er du nyutdanna barnehagelærar, har du sikkert mykje du har lyst til å bidra med. Men du vil kanskje også ønskje rettleiing og støtte i krevjande situasjonar.

I Hå vil du få god rettleiing. Me har eit godt system der du både får individuell rettleiing, men også samlingar der du kan treffa andre nyutdanna barnehagelærarar. Er du klar for å vera pedagogisk leiar, eller ha litt mindre leiaransvar som ein barnehagelærar? Me er opptatt av å tilpassa arbeidshverdagen din.

Politikarane i Hå satsar på barnehagane. Dei løyver 2,5 millionar ekstra, slik at me kan ta inn vikarar når tilsette er borte eller har plantid. Løn og pensjonsvilkår er også konkurransedyktige.

Barnehagane i Hå driv god kompetanseutvikling. Det er til det beste for barna. Men det gjer også at du får bidra og utvikla deg som pedagog. Barnehagane i Hå samarbeider med UiS i lærande nettverk. I tillegg brukar me Bjørnsonpsykologane til leiarutvikling.

Spennande? Legg inn din kontaktinformasjon her, så tar me kontakt med deg:

Vi vil gjerne vite hvem du er og hva du kan bidra med til barna i Hå. Skriv gjerne også hvilke(n) barnehage du ønsker å jobbe i. Så kontakter vi deg for en samtale. 

 Velkommen til Hå!