Korleis skal Vigrestad sentrum sjå ut i framtida? Hå kommune Arbeidet med ein sentrumsplan for Vigrestad er i gang. Sentrumsplanen skal legga rammer og mål for den fysiske utviklinga av Vigrestad sentrum som lokalsentrum i åra framover. Kommunedelplan for Vigrestad sentrum No er det Vigrestad sin tur til å få sin eigen sentrumsplan. I møtet 16. juni vedtok kommunestyret å fastsetta planprogrammet for dette arbeidet. Det vedtekne planprogrammet legg føringar for planarbeidet fram til planlagd vedtak i 2024. Det syner korleis me vil laga planen og peiker på viktige tema som må greiast ut i planarbeidet, til dømes trafikkløysingar og kva funksjonar som skal vera i sentrum. Vidare seier det korleis innbyggarar og andre interessentar kan delta i arbeidet. Les planprogrammet her Planarbeidet Etter kvart som arbeidet med planen går framover vil me publisera oppdatert informasjon på denne sida. Undervegs vil me invitera alle interesserte til å bidra i utviklinga av Vigrestad sentrum. Mellom anna vil me nytta gjestebodsmodellen, som me har gode erfaringar med frå tilsvarande planarbeid. Til hausten vil me senda ut meir informasjon om dette. Har du innspel til planarbeidet, eller ønsker du å vera gjestebodsvert eller gjest? Send ein e-post til vigrestadsentrum@ha.kommune.no, eller skriv til Hå kommune, Rådhusgata 8, 4368 Varhaug, merk: «Vigrestad sentrum». Har du spørsmål kan du kontakta Hå kommune på telefon 51 79 30 00. Sist endra 28.05.2023 04.10