Bustadsosial bistand

Her finn du søknadsskjema

Om du treng hjelp til å skaffa eller behalda eigna bustad, kan du ha rett til individuelt tilpassa bistand om du er vanskelegstilt på bustadmarknaden.

Om utfordringane dine med bustad kan avklarast i ein enkel telefonsamtale eller dekkjast av anna teneste i kommunen, treng du ikkje søkja.

Bistand kan vera råd, rettleiing eller anna hjelp som vert tilpassa deg i din situasjon.

I vurderinga om du er vanskelegstilt på bustadmarknaden vil det leggast vekt på om det er økonomiske, helsemessige eller sosiale forhold som gjer at du ikkje er i stand til å skaffa eller behalda bustad sjølv.