Deling av eigedom

Ved deling av eigedom tek du areal frå ein eksisterande eigedom og dannar ein ny. Den nye eigedomen får sitt eige gards- og bruksnummer og blir registrert i matrikkelen (nasjonalt eigedomsregister) og grunnboka (tinglysing). Ny eigedom kan vera ny grunneigedom, ny anleggseigedom, ny festegrunn eller nytt jordsameige.

Du må søka om løyve til deling av eigedom etter plan- og bygningslova.  I nokre tilfelle kan det også vera krav om løyve etter jordlova. Dette gjeld spesielt i område der landbruksareal er involvert. Etter at du har fått delingsløyve må du bestilla oppmåling der den nye eigedomen blir merka og målt.

Korleis går du fram ?

Søknad om deling - totrinns prosess:

Kva kostar det?

Utdrag av gebyrregulativet:

  • Grunneigedom og festegrunn (0 – 1000 m²): kr 16.440,-
  • Grunneigedom og festegrunn (1001 – 2000 m²): kr 18.140,-
  • Anleggseigedom (0 – 2000 m²): kr 25.110,-
  • Jordsameige: etter medgått tid

Tinglysningskostnader kjem i tillegg.

Overføring av eigedom