For å få tilgang til Gemini Entreprenørportal registrere ein brukar her. Når registreringa av føretaket er godkjend, får du ei lenke til Entreprenørportalen med eit Tenantnavn. Etterpå kan du legge til fleire brukarar til foretaket.
Spørsmål og henvendingar kan rettast til Steinar Knutsvik på steinar.knutsvik@ha.kommune.no (eventuelt 415 32 658) .
Arbeid på private stikkledningar kan vere søknadspliktige etter plan- og bygningsloven.
Alle søknadar om utvendig vass- og avløpsledningar skisserast inn i Gemini Entreprenørportal, slik at dei visast i kartet i søknaden.
Alt arbeid på innvendige og utvendige vass- og avløpsledningar skal søkast om. Etter at arbeidet er ferdig, må det søkast om ferdigmelding. Det må leggast med ei innmålingsfil i gmi-format (eventuelt SOSI). Innmålingene skal være i henhold til ledningsregisteringsforskriften og gjeldende innmålingsinstruks fra Volue.
Utlevering av vassmålar
Fra 1. januar 2024 er det krav om søknad for å få ut vassmålar. Søknad om vassmålar sendast via Gemini Entreprenørportal.
Krav til montering av tilbakeslagsventil
Vassinstallasjonar skal verte utført slik at tilbakestrømming eller inntrenging av ureine væsker, stoff eller gassar ikkje kan finne stad. Dette gjeld óg for tilbakesuging eller inntrenging av vatn frå andre vasskjelder. Det er difor eit krav til tilbakeslagsventil som tyder at:
I alle nye bygg skal det monterast tilbakeslagsventil på hovudinntaket for kommunalt vatn tilpassa til risikonivå for verksemda. Gjelder óg vanlege bustader. Dersom stikkleidningen for vatn ligg nær område med fare for forureining i grunnen (typisk nedgraven oljetank eller tilsvarande), skal tilbakeslagsventil vere plassert mellom potensiell forureiningskjelde og kommunal hovudleidning.
Ved utskifting av røyropplegg i eksisterande bygg, så som utskifting av eksisterande varmtvasstank m.m, skal samtidig tilpassa tilbakeslagsventil verte montert i alle eksisterande bygg som er tilkopla kommunalt vatn.
Ovannemnde krav skal følgjast opp av alle som gjennomfører vassinstallasjonar. Type sikringsutstyr godkjent i samsvar med NS-EN 1717 og VA Miljøblad 61. Montering av tilbakeslagsventil dokumenterast av installatør.
Hå kommune har krav til vassmålar og vassmålarkonsoll.
Nyttige lenker