Kontantstøtte

Kommunestyret i Hå har nyleg innført kommunal kontantstøtte frå månaden barnet blir 20 månader.  Det er ei utviding av ordninga som før bare gjaldt 2-åringar.

Du kan få kommunal kontantstøtte for barn mellom 20 månader og tre år (36 mnd) som ikkje har barnehageplass og bur i Hå kommune. Du må søka for å få kommunal kontantstøtte.

Kva kan du få i kontantstøtte: 

 

Satsar for kontantstøtte
Avtalt opphaldstid i veka Beløp per månad
Ingen dagar i barnehagen i veka 6038 kroner
Tre dagar i barnehagen i veka 2415 kroner

 

  • Det er den tildelte tida i barnehagen som avgjer kor mykje du får i kontantstøtte. Det betyr ikkje noko om barnet er mindre i barnehagen enn den tildelte tida.
  • Kontantstøtte er pr i dag ei skattefri yting (jf Skattedirektoratet).
  • Det er viktig at du melder frå dersom barnet begynner i barnehage, eller flytter frå Hå kommune.
  • Du må betale tilbake eventuell feilutbetalt kontantstøtte.
  • Kommunal kontantstøtte vert utbetalt mellom den 16. og den 20. i kvar månad.

Vilkår for den kommunale kontantstøtta:

  • Du kan få kontantstøtte frå månaden barnet er 20 månader til og med månaden barnet fyller 3 år.
  • Dersom du har barn som er 20 månader og ikkje går i barnehage som har offentleg driftstilskot, kan du få full kontantstøtte. Har barnet deltidsplass i barnehage, kan du få delvis kontantstøtte. 
  • Du får ikkje kontantstøtte for barn som er i fosterheim eller i ein institusjon etter lov om barnevernstenester.
  • For å få rett til kontantstøtte i Hå kommune, må barnet ha rett til barnehageplass i Hå kommune, jf Hå kommune sine barnehagevedtekter. Du har rett på kontantstøtte så lenge barnet oppfyller vilkåra og har bustad i Hå kommune.

Kven søker om kontantstøtte?

Dersom de som er foreldre, bur saman, søker bare ein av dykk. Dersom de bur kvar for dykk, er det den som barnet bur fast saman med som kan søka om kontantstøtte. De må søka før barnet blir 20 månader.  Søker de etter den tid får de betalt frå månaden etter at søknaden vert mottatt.

Dersom de har ein skriftleg avtale om delt bustad for barnet etter barneloven § 36, kan de dele kontantstøtta, dersom de er samde om det. Ingen av dykk kan i eit slik tilfelle nytta ein barnehageplass med offentleg driftstilskot, og de må begge i så fall søka kontantstøtte.

Retten til ny barnehageplass eller utvidinga av barnehageplassen for 2-åringar med kontantstøtte gjeld frå 1.august det året barnet fyller tre år, jf barnehagelova § 12 a.