Viktig melding

Lukk meldinga

Utleige i Nærbøparken

1. Formål

Nærbøparken skal skapa smil og gode liv. Parken skal vera open for alle, der alle kan bidra og der alle er velkomne frå sør til nord.

2. Kven kan leiga?

Utleige av boder i Nærbøparken er open for frivillige lag og organisasjonar, bedrifter og enkeltpersonar over 18 år i Hå som ønsker å arrangera aktivitetar eller tilby varer og tenester som er i samsvar med parken sitt formål. Organisasjonar som kan knyttast til hatefulle haldningar og ytringar, kan ikkje leiga. Arrangementa skal vera opne for alle.

3. Korleis leiga?

Meld inn ditt ønske til e-post: servicetorg@ha.kommune.no for å bestilla tidspunkt for leige.

4. Marknadsføring

Arrangement som vert halde i Nærbøparken bør publiserast og marknadsførast på ein måte som gjer det klart at det er ope for alle. Spør gjerne kommunikasjonsavdelinga i Hå kommune om råd.

 

5. Vis omsyn

Utleigen eller arrangementa kan ikkje strida mot gjeldande lovar og reglar, eller vera til skade for parken sitt omdømme, miljø, formål eller naboane av parken. Leigetakar er ansvarleg for eigne aktivitetar og arrangement, og må sørga for at dei er trygge og i samsvar med gjeldande tryggleiksforskrifter. Ta med brannsløkkingsapparat ved bruk av elektriske artikler. Leigetakar har også ansvaret for å ikkje overbelasta straumnettet. Det er ikkje tillate å køyra inn varer og utstyr i parken.

 Dersom du inviterer til eit større arrangement, må du søka her: https://www.ha.no/sd/skjema/HA109/

Det er også leigetakar sitt ansvar å ta høgde for eventuelle parkeringsutfordringar.

6. Kor lenge kan du leiga?

Utleigeperioden kan variera, men vil normalt vera avgrensa til ein dag eller ein kortare periode. Anna kan avtalast med Hå kommune.

 

7. Reinhald og søppel

Leigetakar er ansvarleg for å halda utleigelokalet reint og ryddig under utleigeperioden. Når utleigen er over, skal lokalet og parken etterlatast i same stand som ved mottakinga. Leigetakar må sjølv ta med søppelet.