ReisevaksineHå reisevaksine held til på Vigrestad helsesenter (Langgata 27), og har ope kvar onsdag frå 08.30 til 14.00. Kontoret er ikkje tilgjengeleg på telefon, du må bestilla time digitalt på denne sida.Me held stengd i vekene 29 - 33 på grunn av ferieavvikling.Skal du ut å reisa kan det vera du treng spesielle vaksinar. Før du reiser kan det vera aktuelt å vaksinera deg mot sjukdom du ikkje er vaksinert mot, eller å få oppfriskningsdose av vaksine du har fått før.Bestill vaksineringstime i god tid før du skal reisa, gjerne eit par månader i førevegen. Nokre vaksinar må du ha fleire dosar av, som regel med fleire vekers mellomrom.NB! Reisevaksinekontoret set ikkje BCG-vaksine. Du kan heller ikkje få vaksine om du er sjuk. Kva vaksine bør eg ta?FHI sine smittevernråd ved reiser Kva kostar vaksinen? Prisliste reisevaksine per 1. mai 2023TenestePrisKonsultasjon3602. gangs konsultasjon (påfyll, same reise)250Konsultasjon barn under 16 år2002. gangs konsultasjon barn under 16 år (påfyll, same reise)150Telefonkonsultasjon250Utfylling av nytt vaksinekort150Ikkje møtt til time360 I tillegg må du betala du for sjølve vaksinen. Me tek kostpris, så prisen vil variera ut frå kva me betaler når me kjøper inn dei ulike vaksinane.Korleis kan eg betala?Du kan betala med vanleg bankkort eller kontantar.Timebestilling vaksinering Timebestilling telefonkonsultasjon Avbestilling Korte spørsmål Sist endra 01.07.2025 11.45