Hukommelsesteamet Kan lytta til deg og din familie Kan kartlegga og greia ut saman med fastlege Kan gje råd og rettleiing Kan finna praktiske løysningar i kvardagen Kan informera om tenester og tilbod Demenskoordinator skal fungera som eit bindeledd mellom personar med demens og deira pårørande. Hukommelsesteamet er eit tverrfagleg team som består av demenskoordinator, demenskontaktar i heimetenesta, fastlege og andre yrkesgrupper. Hukommelsesteamet hjelper med kartlegging og å greia ut demens i heimen. Samtalegrupper er eit tilbod om støtte og møta andre i same situasjon. Brukar- og pårørandeskule blir arrangert årleg med fokus på å gje informasjon og rettleiing om sjukdommen, og møta andre i same situasjon. Korleis komma i kontakt? Ta kontakt med fastlegen din for å få tilvising til hukommelsesteamet Heimesjukepleien kan og hjelpa deg vidare Tegn på demens: Gjentar seg sjølve Ikkje orientert for tid og stad Forandringar i humøret Språkproblem Problem med å kjenna igjen folk Oppfølging etter demensdiagnose: Eigen kontaktperson Oppfølging Avlasting av pårørande Styrkje deg og dine pårørande sine evner til å meistra situasjonen Meir informasjon på telefon 48 27 50 47. Besøksadresse: Klokkarhagen sjukeheim, Klokkartunet 51, Varhaug Sist endra 10.02.2023 14.58