Byggesakskontoret er ope måndag til fredag 09.00-14.00.
Klikk her for å bestilla møte
Tiltak som ikkje er søknadspliktige
Har du sett opp ein garasje, tilbygg, må du gi beskjed til kommunen. Me treng opplysingane for å oppdatera dei digitale karta våre.
Du gir beskjed ved å levera utfylt skjema
Legg ved eit situasjonskart som viser plasseringa av bygget
Skjema for melding om frittliggende bygning eller tilbygg
Tiltak som er søknadspliktige
Har du byggesøkt tiltaket sjølv, må du søka om ferdigattest.
- Du søker ved å fylla ut skjemaet , og legg ved nødvendige vedlegg.
Dersom du har fått hjelp av ein ansvarleg søkar tidlegare i byggesaka, er det den ansvarlege søkaren som skal søka om ferdigattest.
Skjema for søknad om ferdigattest
Midlertidig bruksløyve
Så lenge det berre gjenstår mindre arbeid, og det ikkje er farleg å ta i bruk bygningen, kan du søka om midlertidig bruksløyve. I søknaden må det gå fram kva arbeid som står igjen og ein frist for å ferdigstilla bygningen. Eit midlertidig bruksløyve gjer at du kan ta i bruk bygningen før du har motteke ferdigattest.
Skjema for søknad om midlertidig bruksløyve
Kva kostar behandlingane?
Behandling av melding om ikkje-søknadspliktig tiltak og ferdigattest, tas det ikkje noko gebyr.
For behandling av midlertidig brukstillatelse tas det gebyr på kr 2844 (pr. 2024).
Saksbehandlingstid
Saksbehandlingsfristen for søknad om ferdigattest eller midlertidig bruksløyve er tre veker, men søknadane blir behandla så raskt som mogleg.