Varhaug sentrum - ein møteplass for alle

Framtidsbilete Varhaug - Klikk for stort bileteArbeidet med sentrumsplanen for Varhaug nærmar seg no slutten. 6. mai 2021 vedtok kommunestyret å senda forslag til kommunedelplan for Varhaug sentrum ut på ny avgrensa høyring og offentleg ettersyn.

Den avgrensa høyringa gjeld forslag til endra arealbruk for delsone 5A og nye føresegner knytt til delsone 4. Det er kun merknadar til høyringspunkta som vil verta vurderte i den avgrensa høyringa, og det opnast ikkje for nye innspel om endra arealbruk.

Planforslaget med planbeskrivelse, kart, føresegner og vedlegg finn du i menyen til høgre. Dokumenta som gjeld den avgrensa høyringa ligg under overskrifta Aktuelt.

Merknadar til høyringspunkta sendast varhaugsentrum@ha.kommune.no innan 28. mai 2021. Det er òg mogleg å merka innspela med «Varhaug sentrum» og senda dei til: Hå kommune, Rådhusgata 8, 4360 Varhaug.

Har du spørsmål?

Har du spørsmål til planforslaget kan du kontakta Hå kommune på telefon 51 79 30 00.