PlantevernkursFor å kunna kjøpa og bruka plantevernmiddel må du ha eit autorisasjonsbevis, såkalla sprøytesertifikat. For å få dette må du gjennomføra kurs og bestå eksamen. Sprøytesertifikatet er gyldig i ti år.Kven kan få autorisasjon for bruk av plantevernmiddel?Sjå informasjon på mattilsynet.no. Er du i tvil om du kan få beviset; ta kontakt med kommunen før kursstart.Korleis kan eg få autorisasjon for bruk av plantevernmiddel?Norsk Landbruksrådgiving Rogaland arrangerer kurs som gjev bevis for første gong, og kurs i fornying. Plantevernkursa legg mest vekt på jordbruksproduksjon, men andre næringar/produksjonar har også høve til å delta.Mattilsynet har nettbaserte kurs for fornying av bevis, sjå mattilsynet.no. Autorisasjonsordning for gnagermiddelEigar eller leigar av landbrukseiendom kan få autorisasjon for å bruke enkelte gnagermiddel For å få denne autorisasjon må du ha gått på tilleggskurs for gnagerbekjemping og ha gyldig plantevernmiddelautorisasjon. På nettsida til NLR Rogaland finn du påmelding til kurs i dette. Sist endra 09.10.2024 10.21