Regjeringa har lagt fram ei statleg planretningsline som pålegg alle kommunar å inkludere klima og energi i sine kommuneplanar. I januar 2013, halvvegs i planperioden, blei det derfor gjort ein statusgjennomgang for å sjå på kva som er gjennomført og eventuelt om strategiar må endrast. Funna blei presenterte i rapporten «Statusgjennomgang av Energi og klimaplan 2010-2014. Hå kommune». Som oppfølging av formannskapet sitt vedtak i sak 012/10 blei energi- og klimaplanen omtalt i form av ein tekstdel, hovudmålsetjing og 4 strategiar. Desse er lagde inn i kommuneplanen sin samfunnsdel kapittel 7, jf. kommuneplanutval sak 008/13.
Vedtaket og planprogrammet klima og energi finn du under lenkene til høgre på sida.