Barnehagevedtekter

3 Opptak

3.1 Hå sin opptakskrins er barn som bur i Hå kommune og har lovfesta rett til barnehageplass. Søknadsfrist for opptak er 1. mars og varer  til alle barn med barnehagerett har fått tilbod om plass. 

Barn med lovfesta rett er barn mellom 1-5 år. Barnet må fylla 1 år seinast 30. november det året dei søker om barnehageplass (jf. barnehagelova §16). 

3.2. For å ha rett til plass må barnet vere busett i Hå kommune ved oppstart i barnehagen. 

3.3 I opptaket blir plassane tildelt frå 15.august. Barn som fyller 1 år i perioden 
1.september-30. november kan få oppstart den månaden dei fyller 1 år.

3.4 Barnehageretten blir innfridd ved tilbod om plass i ein barnehage i Hå kommune. Dette gjeld og dersom det er søkt om plass i ein annan barnehage enn tildelt. 

Søkarar har rett til å stå på venteliste for plass i sin høgast prioriterte barnehage. 

3.5 Det blir gitt tilbod om plass 5, 4 eller 3 dager per veke. Søknad om 3- og 4 dagarsplass blir behandla på lik linje som søknad om heil plass, og blir tildelt dersom det er mogleg innanfor barnehagen sine rammer

3.6 Overflytting til ny barnehage blir behandla på lik linje som ny barnehageplass. Søknadsfrist for endring av tilbod til nytt barnehageår er 1.mars. 

3.7 Søkarar som har søkt etter fristen får tildelt plass dersom areal- og bemanningsnorma blir varetatt. Ventelista blir prioritert etter fødselsdato på barnet og kva avdeling som har ledig plass. Dette gjeld og barn som ikkje har barnehagerett på grunn av alder.

3.8. Tildelt plass gjeld fram til skulepliktig alder eller til barnet flytter ut av kommunen.

3.9 Prioritet ved opptak skjer i følgjande rekkjefølgje:

  1. Barn med funksjonshemming skal ha prioritet ved opptak .(jf. § 18 i Lov om barnehagar). Barn som er omfatta av omsorgsvedtak og andre vedtak fatta i fylkesnemnda i medhald av Lov om barneverntenester §§ 4-12 og 4-4. (jf. 7-2 første ledd).
  2. Barn frå familiar som har store belastningar på grunn av alvorleg sjukdom og/eller funksjonshemming kan søka om prioritert plass. Søknaden må sendast til opplæring og kultur og vera dokumentert med skriftleg anbefaling frå ppt-kontor, helsestasjon, lege eller barnevern.
  3. Søsken, om dei oppfyller barnehageretten, får prioritet i same barnehage. Prioriteringa gjeld ikkje det året søsken byrjar på skulen.
  4. Barn av flyktningar og barn fra språklige og kulturelle minoritetar. Søkarar som har rettigheter etter introduksjonslovgivinga og er ein del av introduksjonsordninga i Hå kommune. 
  5. Barn som har plass i barnehage som vert avvikla eller stengd
  6. Søknadar med barnehagerett vert prioritert etter fødselsdato på barnet, dei eldste fyrst.

3.10 Open barnehage har ikkje opptak. Barnet møter opp saman med føresette eller ein annan vaksen person, registrerer oppmøte og kan vera i barnehagen heile opningstida