Fast løyve til å skjenka alkohol

Dersom du driv ein serveringsstad med serveringsløyve, og ønsker å servera alkohol, må du søka om skjenkeløyve. 

Alle må søka på nytt

Hå kommune vedtok nye alkoholpolitiske retningslinjer (PDF, 3 MB) 20. juni 2024.  Alle skjenkestader må søka om nytt skjenkeløyve innan 19. august 2024

Bruk skjemaet "søk om fast skjenkeløyve" øvst på sida. 

Ved endringar i drifta

Meld frå til kommunen dersom du får ny styrar, vara eller endrar på konseptet. (Bruk skjemaet “Gjer endring i fast løyve” øvst på sida) Løyvet fell bort dersom verksemda vert overdregen til andre. Verksemda kan likevel fortsetta på det tidlegare løyvet i inntil tre månadar, men då må kommunen få beskjed om dette. Det må søkast om nytt løyve så snart som råd, og seinast innan 30 dagar etter overtaking.

Korleis få skjenkeløyve?

Du kan få løyve for fire år om gongen, og det er gyldig til 30. september året etter at det er sett nytt kommunestyre. 

Kva kostar det?

Kvart år må alle som har eit skjenkeløyve, betala eit gebyr til kommunen. Gebyret blir rekna ut frå kor stor alkoholomsetninga er venta å vera.

Gebyr for faste skjenke- eller salsløyve

Gebyr for faste skjenke- eller salsløyve
Minimumsgebyr 2024 Salsløyve Skjenkeløyve
kr 1960,- kr 6100,-
Pr vareliter selt alkohol
Alkohol gruppe 1 kr 0,24 kr 0,57
Alkohol gruppe 2 kr 0,69 kr 1,49
Alkohol gruppe 3 kr 4,92

Kor lang er saksbehandlingstida?

Det er utval for helse- og sosialsaker som gir faste skjenkeløyve. Derfor er tida for behandling av søknadane avhengig av datoar for politiske møte. Saksbehandlingstida kan dermed vera opp til fire månadar.

Desse dokumenta skal følga søknaden:

  • Leigekontrakt eller anna dokument som stadfester at søkar disponerer lokalet til det bruk som det vert søkt om.
  • Teikning av inneareal der skjenkearealet er skravert.
  • Sett mål på teikning for uteserveringa, med grunneigar si godkjenning påteikna.
  • Kunnskapsprøven for styrar og vara.
  • Etablerarprøven for dagleg leiar.
  • Tilsettingsbevis/dokumentasjon som viser styrar og vara si tilknyting til staden.