Meld inn kandidatar til prisen på epost innan 1.12: frivilligsentralen@ha.kommune.no
Prisen vert delt ut av ordføraren på kommunen sitt nyttårstreff.
Einskildpersonar, organisasjonar eller lag som har gjort ein særs verdfull innsats i det frivillige arbeidet i kommunen kan vinna. Det frivillige arbeidet kan ha vore over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt. Innsatsen må ha vore utan løn.
Representantar for frivilligrådet, saman med to politikarar, avgjer kven som får prisen.