Pårørande kan få stønad slik at ein kan vera heime med den døyande i inntil 60 dagar (pleiepengar).
Hjelp til medisinske spørsmål, stell og pleie kan du få av lindring- og kreftteam og/eller personal i heimesjukepleien.
Du kan låna praktiske hjelpemiddel som seng, personløftar, dostol og liknande, av kommunen.
Tilsette i lindring- og kreftteam kan også avlasta pårørande i periodar gjennom å vera i heimen over tid.