Veterankontakt og veteranplanHå kommune har saman med kommunane Klepp, Gjesdal, Time og Sandnes utarbeidd ein veteranplan. Ifølge veteranplanen skal kvar kommune ha ein eigen veterankontakt. Veterankontakt i Hå kommune Veterankontakten si primæroppgåve er å vera kontaktpunkt for veteranen og veteranen sin familie i møtet med kommunen, slik at spørsmål og behov vert møtte med forståing og kompetanse. Veterankontakten kan rettleia og informera om dei ressursar som finst lokalt og nasjonalt. Veterankontakten fungerer òg som eit kontaktpunkt mellom eksterne aktørar inn mot kommunen for veteranrelaterte førespurnadar. Veteranplan Her finn du veteranplanen til Hå kommune. Sjå også Forsvaret si nettside for kommunalt og offentleg veteranarbeid. Sist endra 10.06.2023 04.06