Er det øvste folkevalde organet i kommunen. I Hå er 8 politiske parti og 1 bygdeliste og representert i kommunestyret som har 33 medlemmar.
- Kristeleg Folkeparti
- Sosialistisk Venstreparti
- Senterpartiet
- Arbeiderpartiet
- Fremskrittspartiet
- Høgre
- Hå-lista
- Industri- og næringspartiet
- Konservativt
Kommunestyret treff vedtak på vegne av kommunen så langt ikkje anna følgjer av lov eller delegasjonsvedtak (kommunelova §§ 5-3 og 5-4). Kommunestyret har møte omlag 8 gonger i året. Andreas Bjorland frå Kristeleg Folkeparti (KrF) er ordførar i inneverande periode (2023-2027) .
Består av 9 medlemmar frå kommunestyret. Formannskapet utfører dei oppgåvene som er pålagde ved lov, og gjer vedtak i dei sakene kommunestyret har delegert/gitt formannskapet fullmakt til å avgjera.
Har 9 medlemmar (+ 1 representant for barn og unge) valde for den kommunale valperioden (2023-2027). Utvalet arbeider med sitt respektive område innan den kommunale verksemda. Hovudområda er: Planar og planarbeid, næringsliv, veg/vatn og avløp, trafikktryggleik, gjenvinning, brannvesen, byggesak og landbruk.
Har 9 medlemmer valde for den kommunale valperioden (2023-2027). Utvala arbeider med sine respektive arbeidsområde innan den kommunale verksemda. Ein kan nemna: Barnehage, skular, SLT, kulturvern, kulturskule - og fritid samt bibliotek.
Har 9 medlemmar valde for den kommunale valperioden (2023-2027). Utvalet arbeidar med sitt respektive område innan den kommunale verksemda. Områder ein er innom er: Pleie og omsorg, helsetenester, helsesjukepleiar og jordmor, barnevern, NAV, samt psykisk helse og rusvern.
Skal sjå til at dei sakene som vert lagde fram for folkevalde organ er forsvarleg utgreidde, og at vedtak vert sett i verk.
Har som hovudoppgåve å betene dei politiske organa ved å leggja til rette for, og bidra til avvikling av møter i folkevalde styrer, råd og utval.