Omsorgsstønad

Her finn du søknad

Omsorgsstønad kan gjevast til privatpersoner som har eit særlig tyngjande omsorgsarbeid i heimen. Dette kan du ha rett til om du har eit barn/annan person som har behov for mykje omsorg. Dette gjeld ved høg grad av funksjonshemning, kronisk sjukdom og/eller sjukdom med dødeleg utgang. 

Målet er at familien kan fortsetja å ha omsorga for sine næraste.

Avgjerda om omsorgsstønad vert teken etter grundig kartlegging av behov og omsorgssituasjon, og vurdert opp mot andre tenester. Omsorgsstønad er timebasert.