Viktig melding

Lukk meldinga

Kulturminnevernplan

Kulturminnevernplanen handlar i hovudsak om faste kulturminne frå nyare tid. Planen skal gje grunnlag for eit målretta vedlikehald og god informasjon om og tilrettelegging av kulturminna.

Med dette ønskjer ein å arbeide for auka kunnskap om og positive haldningar til kulturarven. Ei overordna målsetjing må vere ei fagleg forsvarleg forvalting av alle faste kulturminne i kommunen.

Planen inneheld framlegg til kategorisering og tiltak, og gir eit oversyn over offentlege stønads- og rettleiingsordningar. Det er ei målsetting at kommunen medverkar både med økonomiske og faglege ressursar. Planen inneheld forslag til ulike typar vern etter ei prioritering av kulturminna. Dei mest særmerkte og identitetsskapande kulturminna er sette i verneklasse A, andre høgt prioriterte kulturminne i verneklasse B.

Kommunestyret vedtok planen i møte 17.02.2005, sak 0001/05.

Hå kommune innarbeider hovudtrekka i kulturminnevernplanen i kommuneplanen sin arealdel og langsiktige del. I samband med rullering av kommuneplanen 2014-2028 blei manglande markering av automatisk freda kulturminne, tilvisingar i teiknforklaringa og føresegner knytte til automatisk freda kulturminne oppdaterte. Det vart og innarbeidd generelle føresegner om kulturminne. Det blei i tillegg innarbeidd retningsliner for freda nyare tids kulturminne vist som omsynssone D. Det er òg vist nyare tids kulturminne i verneklasse A som omsynssone C med retningsliner.

Rullering av kulturminnevernplanen skal følgja rullering av kommuneplanen og økonomiplanen.

Kulturminnevernplan 2004-2016