Sal av alkohol

Butikkar som skal selja alkohol, må søka om salsløyve.

Hå kommune vedtok 20. juni 2024 nye alkoholpolitiske retningslinjer (PDF, 3 MB).  Alle salsstader har fått beskjed om at løyvet deira er forlenga med fire år.

Salsløyve gjeld for drikke med maksimalt 4,7 % alkohol. Bensinstasjonar og kioskar kan ikkje få salsløyve.

Løyvet kan tildelast for fire år om gongen, og er gyldeg til 30. september året etter at det er sett nytt kommunestyre. 

Korleis få salsløyve?

Det er personen eller verksemda som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken, som kan få løyve. For kvart løyve, skal det utpeikast ein styrar og ein vara. Begge må ha bestått kunnskapsprøven om alkohollova, vera over 20 år, arbeida i den aktuelle verksemda, og elles oppfylla krava til vandel i alkohollova.

Endringar i løyveperioden

Gi beskjed til kommunen ved endringar i drifta, til dømes skifte av styrar eller vara. Dersom det er endring av eigarar, krev me ofte ny godkjenning eller nytt løyve. Søk om endringar her. 

Dersom andre tek over verksemda, fell salsløyvet vekk. For å unngå det, må du søka om endring/nytt løyve innan 30 dagar etter overtaking.

Kva kostar det?

Kvart år må alle som har eit salsløyve, betala eit gebyr til kommunen. Gebyret blir rekna ut frå kor stor alkoholomsetnaden er venta å vera.

Gebyr for faste skjenke- eller salsløyve

Gebyr for faste skjenke- eller salsløyve
Minimumsgebyr 2024 Salsløyve Skjenkeløyve
kr 1960,- kr 6100,-
Pr vareliter selt alkohol
Alkohol gruppe 1 kr 0,24 kr 0,57
Alkohol gruppe 2 kr 0,69 kr 1,49
Alkohol gruppe 3 kr 4,92

Kor lang er saksbehandlingstida?

Det er utval for helse- og sosialsaker som gir faste salsløyve. Derfor er tida for behandling av søknadane avhengig av datoar for politiske møte. Saksbehandlingstida kan dermed vera opp til fire månadar.

Desse dokumenta skal følga søknaden:

  • Teikningar av salsstaden i A4-format. Salsarealet skal vera skravert.
  • Kopi av leigekontrakt/ framleigekontrakt.
  • Kunnskapsprøve i Alkohollova for styrar og vara.
  • Ei stadfesting på at dei tilsette er innmeldt i arbeidstakarregisteret, og at dei har lovlege arbeidskontraktar.

Kor tid kan du selja øl?

  • Måndag-fredag kl 8-20
  • Dag før sundag og heilagdag kl 8-18
  • Valdagen
  • Sal av øl skal ikkje skje på sundagar og heilagdagar, 1. og 17. mai.
  • Dag før heilagdag gjeld ikkje dagen før Kristi himmelfartsdag. 
  • Dag før offentlege høytidsdagar (f.eks 30. april og 16. mai) har salstid som vanlege kvardagar. (kl 8-20).
  • Men til dømes påskeaftan og julaftan har salstid kl 8-18.