Samarbeidsutval (SU) og skulemiljøutval (SMU)

Ved kvar grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval (SU). Her sit to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldra sitt arbeidsutval (FAU), to for elevane, ein for kommunen (politikar) og rektor. Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

Det skal også vere eit skulemiljøutval (SMU) som skal medverke til eit godt skulemiljø. I SMU skal foreldra og elevane kunne ha fleirtal. På Bø skule er SMU det same som SU, men med to ekstra elevar. 

Sist endra 05.10.2016
Fann du det du leita etter?