Informasjon for veke 12
Oppdatert 18.03.2024
Heile våren er det 6.trinn som har ansvar for å hjelpe til i kantina. Dei som er ordenselevar er då med i kantina i 2. økt + friminuttet. Dei MÅ ha halestrikk i langt hår,forkle og innesko for å få vera med. Det vil stå her i informasjonen kven som er ordenselev kvar veke.
Ordenselevar veke 12: Isak, Miela, Maria og Johan
Tema: Me fortsett med temaet Krig. Me vil fokusere på 2.verdskrig, og arbeide både med bøker, film og lage plakatar. I tillegg skal me på ekskursjon. Meir info kjem etterkvart. Temaet skal me arbeide med til og med veke 15.
På torsdag skal me på nytt gardsbesøk, og denne gongen er det slakting av sau som står på programmet, sjå meir informasjon på eigen e-post sendt tidlegare. Elevane får grillmat denne dagen, men må ha med seg vatnflaske. (Om nokon ikkje ynskjer grillmat må dei ha med eigen mat). Hugs gode klede, sykkel og hjelm i god stand!
Vi skal på besøk til Jærmuseet tirsdag og onsdag. Vi skal på besøk i bunkersene og være ute i Hanabergmarka. Elevene møter direkte og dei som skal på onsdag treng å ha med vanleg matpakke og drikke.
- Tysdag gruppe SILD møter direkte kl.08.15 og sykler rett heim kl.10.45
- Onsdag gruppe MAKRELL og LYR møter direkte kl.08.15 og sykler rett heim kl.13.30. Hugs gode klede, me skal vera ute heile dagen.
Fredag er det kanonballturnering heile dagen. Elevane blir delt inn i aldersblanda grupper som dei har lag i heile dagen. Alle får pastasalat med brød, og frukt denne dagen. Oppmoder elevane til å ha gymklede og drikkeflaske, må og ha høvelege sko til innebruk.
Påskeferie er i veke 13 og mandag i veke 14. Fyste skuledag er tysdag 2. april. God ferie!