Skulefritidsordninga i Hå kommune

Kva er skulefritidsordninga (SFO)?

Skulefritidsordninga er eit tilbod før og etter skuletid til barn på 1. til 4. trinn og for barn med særskilte behov på 1. til 7. trinn. SFO for barn på 5.-7. trinn med særskilt behov er gratis.

Skulefritidsordninga er ikkje ein del av grunnskoleopplæringa og skal difor vera noko anna enn skule og barnehage. SFO skal vera ein trygg opphaldsplass for barna utover skuletida, gje barna omsorg og tilsyn, leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar og vera tilpassa barna- og foreldra sine behov.

Moderasjonsordning for elevar i 1. til 4. klasse

Kommunen skal etter søknad gi reduksjon i foreldrebetalinga for skolefritidsordninga på 1. til 4. årstrinn slik at den per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet, dersom:

a) foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året, eller

b) det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.

Betaling for kost kjem i tillegg.

SFO for barn i 5.-7. klasse med særskilte behov

De kan søkje om gratis SFO-tilbod for barn i 5.-7. trinn med særskilte behov. Kva som er “særskilte behov” skal i følge lovverket sjåast i samanheng med krav i lova om at funksjonshemma barn skal ha gode utviklingsmoglegheiter, jf. opplæringslova § 13-7 andre ledd. Dette tilbodet må de søkja om på ny kvart år. Betaling for kost kjem i tillegg.

Søkje om plass eller redusert betaling

All søknadsbehandling skjer i det skuleadministrative systemet Visma Flyt Skole (pålogging med ID-porten). Fristen for å søkje om SFO-plass er 1.mars. Dersom du søkjer seinare enn 1. mars kan rektor innvilge søknaden dersom det er ikkje fullt. For søknadar om redusert betaling datert før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skoleåret. Søkjer de etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skuleåret. NB! I 2020 vil alle vedtaka om redusert betaling i Hå kommune ha virkningstidspunkt frå 1. august og ut skoleåret. Siste søknadsfrist er 1. desember.

Du kan søkje om tilbod på 12, 14, 18 eller 21 timar per veke (fast). Innanfor det enkelte tilbodet kan du kombinera heile morgonar og ettermiddagar som du ønsker, og det presiserer du i søknaden. Morgonøktene og ettermiddagsøktene kan ha ulik lengd på den enkelte skule.

Prisar i 2021

Antall timar

Pris pr. mnd

Kost

Inntil 12 timar per veke kr. 1710 + kost kr. 40,- pr. dag/pr. mnd.
Inntil 14 timar per veke kr. 1990 + kost kr. 40,- pr. dag/pr. mnd.
Inntil 18 timar per veke kr. 2450 + kost kr. 200,- pr. mnd.
Inntil 21 timar per veke kr. 2750 + kost kr. 200,- pr. mnd.

Seie opp plassen

Visma Flyt Skole (pålogging med ID-porten) kan du seie opp SFO-plassen. Oppseiingstida er 2 månader med verknad frå den 1. i månaden etter. Ved oppseiing etter 1. april må de betala for SFO ut skuleåret.

Opningstider og feriar

SFO har ope alle arbeidsdagar inkludert skulen sine feriar. Juli månad og to planleggingsdagar i løpet av skuleåret har SFO stengt. SFO har og stengt på julafta, nyttårsafta og onsdag før skjærtorsdag.

Kjøp av ekstra dagar

Ved ledig kapasitet kan de kjøpa heildagsplass for kr. 295,- pluss kost kr. 25,- pr. dag.

De betaler ikkje ekstra for SFO i skulen sine feriar for dei vekedagane de allereie har SFO-plass, men de må kjøpa heildagsplass for ekstra dagar. 

Ved kjøp av ekstra dagar må de ta kontakt med skulen.