Kommunestyret vedtok 6. mai 2021 "Planprogram for kommuneplan 2021 - 2036". Eit planprogram er ei oppskrift på korleis arbeidet med kommuneplanen skal gjerast. Det vidare arbeidet med kommuneplanen vil no fortsetja fram til endeleg vedtak i 2023.
15. juni 2021 vedtok kommuneplanutvalet delmål til dei sju tidlegare utpeikte satsingsområda; Berekraftig matproduksjon, God helse, God utdanning, Innovasjon, infrastruktur og næringsutvikling, Berekraftige stasjonsbyar og tettstader, Handling mot klimaendring og Me løfter i lag. Satsingsområda med delmål finn du i menyen til høgre. Desse vert lagt til grunn for arbeidet med kommuneplan, økonomiplan og temaplanar.
Kommunen arbeider no med å samanstilla eit førsteutkast av den nye kommuneplanen. Innspel som kjem inn etter april 2022 vert behandla som høyringsinnspel i samband med den formelle høyringa av planforslaget. Denne er planlagd å føregå hausten 2022.
Lenke til arkivsak med sakspapir finn du i menyen til høgre.
Du kan koma med høyringinnspel til planen
Høyringsinnspel sender du til kommuneplan@ha.kommune.no eller via skjemaet under.
Send høyringsinnspel her
Det er òg mogleg å senda høyringsinnspela til: Hå kommune, Rådhusgata 8, 4360 Varhaug.
Merk innspela med «Kommuneplan».
Har du spørsmål?
Har du spørsmål til kommuneplanarbeidet kan du kontakta Hå kommune på telefon 51 79 30 00.