Viktig melding

Lukk meldinga

Familiesenteret

Her finn du henvendelsesskjema (PDF, 460 kB)

Familiesenteret er eit tilbod for alle familiar med barn i alderen 0 - 18 år. Det er låg terskel for å få hjelp av Familiesenteret.

Her kan du få støtte og rettleiing i foreldrerolla og snakka med fagpersonar. Me gir råd og rettleiing til foreldre som i periodar kan oppleve usikkerhet rundt eigen rolle som oppdragar og/eller er bekymra for sine barn.

Me tilbyr og samtalar til barn og ungdom som har utfordringar eller psykiske helseplagar som dei treng hjelp til å meistra. For barn i alderen 0-13 år blir det vurdert om individuelle samtaler er det riktige tilbodet, eller om rettleiing til deira omsorgspersonar er meir tenleg.

For å få hjelp av oss tek du direkte kontakt, eller brukar henvendelsesskjemaet her (PDF, 460 kB). Dette kan barnet/den unge eller foreldra gjera sjølv. Om du samtykker til det, kan og andre ta kontakt med oss for deg.

Kontaktinfo

Ring oss på telefon 415 32 796

Postadresse: 
Rådhusgata 8
4360 Varhaug

Besøksadresse: 
Jadarvegen 27
4365 Nærbø

Tenester

Du kan mellom anna ta kontakt om:

  • utfordringar og høgt konfliktnivå i familien
  • samspel eller vanskar mellom foreldre og barn/ungdom
  • psykiske vanskar eller psykisk sjukdom
  • kriser, sjukdom, sorg og belastningar i livet

 

Me tilbyr:

  • Individuell rettleiing til foreldre
  • Individuelle samtalar til barn og ungdom
  • Gruppetilbod til både barn, ungdom og foreldre
  • Foreldrekurs, til dømes COS P-kurs (PDF, 300 kB)

Om oss

På Familiesenteret jobbar eit tverrfagleg team av helse- og sosialfaglig utdanna, med vidareutdanningar innan psykisk helse og familieretta arbeid.

 

Me opprettar journal til alle som får hjelp. Målet med journalen er å sikra at du får fagleg forsvarleg oppfylging og at me held dokumentasjonsplikta. Foreldre og føresette har som hovudregel innsyn i opplysningar som handlar om barnet deira.

 

Om du ønsker det kan me samarbeida med:

  • helsestasjonen
  • barnevernstenesta
  • psykisk helse og rusvern
  • PPT og skulane/barnehagane
  • Oppfølgingstenesta
  • BUP (Barne og ungdomspsykiatrisk) - Bryne
Betaling

Tenesta er gratis

Kontakt

Katrin Bredenbekk
Leiar familiesenteret
Mobil: 41532796