Viktig melding

Lukk meldinga

Skuleskyss

Når kan du få gratis skuleskyss?

Elevane kan ha rett til skyss til nærskulen på ulike grunnlag. 

Lang skuleveg 

Rett til skyss på grunn av lang skuleveg er regulert i opplæringslova §§ 7-1 og 7-2. Elevane har rett til skyss dersom lengden på skulevegen er meir enn 2 km for 1. årstrinn og meir enn 4 km for 2. til 10. årstrinn.

Funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom

Elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss, kan få innvilga det av kommunen etter søknad. Dei som får innvilga slik skyss, har og rett til skyss til og frå SFO, men ikkje i skuleferiane.

Særleg farleg eller vanskeleg skuleveg

For å få innvilga søknad til kommunen om rett til gratis skuleskyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, må det vera ein «særleg risiko». Det betyr at trafikkutfordringane på vegen må vera større enn me kan forventa at eleven meistrar. 

Har det noko å seie kor eleven bur?

Hovudregelen er at elevar har rett til skyss til og frå der dei «bur» dersom vilkåra for skyss elles er oppfylt. For elevar som har éin bustad vil dette vanligvis vera folkeregistret adresse. Elevar kan likevel ha rett til skyss ved delt bustad eller ved opphald på mellombels adresse.

Kven har ansvar for skuleskyssen?

Hovudregelen er at Fylkeskommunen er ansvarleg for skyssen. Fylkeskommunen (ved Kolumbus AS) er ansvarleg for all skyss på grunn av lang skuleveg, funksjonshemming, mellombels skade eller sjukdom, og dersom eleven har delt bustad eller bur på mellombels adresse. 

Kommunen har ansvaret for skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg for elevar i grunnskulen (som ikkje har lang skuleveg). Kommunen er og ansvarleg for reisefølge og tilsyn for grunnskuleelevar.

Kommunen innvilger som regel ikkje rett til gratis skuleskyss i samband med vedtak om om å få gå på annan skule enn nærskulen. I enkelte tilfelle har eit skulebytte samanheng med retten til opplæring (etter opplæringslova § 8-1) og då utløyser det rett til skyss. I slike tilfelle er kommunen ansvarleg for å organisera skyssen.

Utdanningsdirektoratet har meir informasjon om skuleskyss. Her er ei lenkje til Utdanningsdirektoratet si regelverktolking, Retten til skyss Udir-2-2019

Slik søker du om skuleskyss

De søkjer om rett til gratis skuleskyss i det skuleadministrative systemet Visma Flyt Skole. Søknadar som gjeld lang skuleveg sender skulane så vidare til Fylkeskommunen (Kolumbus AS) for behandling. Dersom de skal søkje om rett til skyss ved delt bustad eller ved opphald på mellombels adresse, må de fylle ut eit eige skjema som skal til Fylkeskommunen. Skulen kan hjelpe til med dette. Her er ei lenkje til innlogging i Visma Flyt Skole.

Lurer du på noko meir?

Ta kontakt med administrasjonen på skulen.