Viktig melding

Lukk meldinga

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hå kommune

Utval for opplæring og kultur har med heimel i opplæringslova § 13-7, vedteke ny kommunal forskrift om vedtekter i skulefritidsordninga i Hå, gjeldande frå 01.01.2023. Den nye forskrifta erstattar vedtektene frå 01.01.2022.

I Hå kommune sitt delegasjonsreglement er det å fastsetje vedtekter for skulefritidsordninga (SFO), jf. opplæringslova § 13-7,delegert til Utval for opplæring og kultur.

§1 Eigarforhold

Hå kommune eig og driv skulefritidsordninga

§2 Opptaksmyndigheit

Hå kommune har delegert til rektor å gjera vedtak om opptak i SFO, jf. opplæringslova § 13-7

§3 Opptakskriterium
  • Tilbodet blir gitt til elevar i 1.-4. klasse
  • For elevar med særskilte behov i 5.-7. klasse kan føresette søkje om gratis plass i SFO. Dette tilbodet må dei søkje om på ny kvart år. Betaling for kost kjem i tillegg
  • Alle som søkjer om plass i SFO innan 1. mars, er sikra plass. Søkjarar etter fristen kan oppleve noko ventetid i tilfelle SFO treng å auke bemanninga
§4 Opptaksperiode og oppseiing av plassen i SFO
  • Hå kommune gjev tilbod om SFO i 11 månadar med stengt i juli
  • Føresette kan velje morgon og ettermiddag etter behov, men det går ikkje å dele opp ein ettermiddag i mindre einingar. Minimum fast opphaldstid per veke er 5 timar
  • Innvilga søknad om plass i SFO gjeld ut 4. klasse, eller til dei føresette skriftleg seier opp plassen
  • Oppseiing av plassen i SFO eller endring i val av tilbod, må skje seinast to månadar før endring/sluttdato gjeldande frå den 1. i månaden
  • Ved oppseiing av plassen etter 1. april må føresette betala for plassen ut skuleåret
§5 Foreldrebetaling
  • Betalinga for tilbodet om SFO og kost blir fordelt på 11 månader. Tilbodet inkluderer ferie og fridagar, samt heile juni og august. Rett til SFO i feriar gjeld dei dagane dei til vanleg har eit ettermiddagstilbod i SFO
  • Ved overgang frå barnehage til SFO i midten av august, betaler føresette for ein halv mnd. i august (NB! Betaling for 1. og 2. klassingar gjeld berre for tilbod utover 12 timar per veke)
  • Det er søskenmoderasjon i SFO gjeldande frå 01.08.2022. For det yngste barnet i SFO betalar føresette full pris (NB! Betaling for 1. og 2. klassingar gjeld berre for tilbod utover 12 timar per veke)
  • Betalingssatsane blir fastsett i eiga sak ved budsjettbehandlinga kvar haust
  • Barnet kan miste tilbod om SFO plass ved manglande foreldrebetaling
§6 Leike- og opphaldsareal
  • SFO skal ha ute- og inneareal som er eigna til dette og blir gitt i sambruk med skulane og eventuelt barnehagane
  • Kommunal rammeplan og plan for den enkelte SFO skildrar bruken av inne- og uteareal, inkludert nærområdet
§7 Dagleg opphaldstid og årleg opningstid
  • Dagleg opningstid er til vanleg frå 07:00 til 16:00
  • Administrasjonen ved kvar skule kan vedta lokale tilpassingar av opningstida
  • På ferie- og fridagar kan tilbodet på fleire skular kan samordnast til ein skule
  • Det blir ikkje gjeve tilbod om SFO i juli
  • Det er lagt opp til to planleggingsdagar i SFO i løpet av skuleåret. SFO er då stengt
§8 Bemanning og leiing
  • Norma for bemanning i SFO er 1 vaksen per 12 born i første klasse og 1 vaksen per 15 born i 2.- 4. klasse
  • Bemanninga blir justert etter tilhøve som alder, gruppesamansetjing, funksjonsnivå og born med særskilde behov
  • Kvar SFO har eigen SFO-leiar med ansvar for innhald og organisering. Rektor ved skulen er øvste leiar for SFO