Viktig melding

Lukk meldinga

Bokmål og nynorsk i grunnskulen

Hovudmålet i grunnskulane i Hå kommune er nynorsk.

Val av skriftspråk

Fram til og med 7. trinn må elevane bruke samme hovudmål som skulen i dei skriftlege arbeida sine. Frå og med 8. trinn vel derimot elevane sjølv om dei vil bruke bokmål eller nynorsk i eige arbeid, jf. opplæringsloven § 2-5 første ledd. Uansett kva elevane vel, skal skulen framleis bruke det vedtekne hovudmålet i sitt skriftlege materiale.

Skriftspråk i lærebøker og læremiddel

Foreldra kan velje om elevane sine lærebøker skal vera på nynorsk eller bokmål, jf. § 2-5 tredje ledd. Foreldra sin valrett gjeld lærebøker i alle fag, med unntak av norskfaget. I norskopplæringa skal elevane ha lærebøker på skulen sitt hovudmål. Frå og med 8. trinn bestemmer elevane sjølv kva skriftspråk dei vil ha lærebøkene på.

Rett til å høyra til ei eiga elevgruppe etter skriftspråk

Elevar på 1.-7. trinn med eit anna hovudmål enn fleirtallet, kan ha rett til skriftleg opplæring i deira eige hovudmål, jf. opplæringslova § 2-5 fjerde ledd.

Elevar som har rett til å tilhøyra ei eiga målformgruppe vil få opplæring i et anna skriftleg hovudmål enn skulen sitt, og denne målforma skal brukast i det skriftlege arbeidet til både eleven og skulen.

Meir om rett til å tilhøyra eiga elevgruppe etter målform kan du lesa om på Utdanningsdirektoratet sine heimesider. Her er ei lenkje til Udanningsdirektoratet sine heimesidersider og informasjon om målform i grunnskulen.

Slik søkjer du

Ta kontakt med rektor på skulen.

Tidsfrist

Utdanningsdirektoratet seier at elevane har rettar etter opplæringsloa § 2-5, uavhengig av eventuelle tidsfristar, men at kommunen skal ha rimeleg tid til organisering og førebuing av denne opplæringa til skulestart. Tidsfrist for å søkja om å tilhøyra ei bokmålsgruppe i Hå kommune neste skuleår er difor 15. mars.