Viktig melding

Lukk meldinga

Kommuneplan 2014-2028

Kommunestyret vedtok, i medhald av plan- og bygningslovens § 11-15, kommuneplan for Hå 2014 - 2028, i møte 10. desember 2014 i sak 073/14.

Hå kommune har utarbeidd ny kommuneplan for ein periode med historisk høg vekst. Høg vekst skaper store endringar og legg press på kommunen sine økonomiske ressursar, og på miljø og areal i tettstadene. Kommuneplanen behandlar kommunen sine langsiktige utfordringar, overordna mål og strategiar for ein 14-årsperiode, i samsvar med plan- og bygningslovens § 11. Planen er eit overordna politisk styringsdokument som skal leggast til grunn ved planlegging og utbygging i kommunen.

Ny kommuneplan 2014 - 2028 bygger på ein langsiktig arealstrategi som tar sikte på å detaljere langsiktig grense mellom tettstad og landbruk og konsentrere bustadbygginga i stasjonsbyane og Stokkalandsmarka. Det blir sett på som avgjerande at fortettingsdelen blir verande høg for å nå målet om å konsentrere bustadbygginga i stasjonsbyane, samtidig som kommunen sitt bustadprogram tar sikte på å dreie veksten mot Stokkalandsmarka og dei mindre produktive areala i den søre delen av kommunen.

Dei største konsekvensane av foreslått kommuneplan er utfordringar med omsyn til utbygging i tråd med overordna føringar som gjeld samordna areal- og transportplanlegging og tilrettelegging for vekst i dei nordlegaste stasjonsbyane, som vil legge beslag på jordbruksområde og gå på kostnad av omsynet til jordvernet.

Kontakt

Ole Vikse
Ole Vikse
Plansjef
Mobil: 46504063