Me kan hjelpa deg via e-post, Facebook, telefon eller ved personleg oppmøte. Ta kontakt, så gjer me det me kan for at du skal bli fornøgd.
Det skal vera lett å få tak i den informasjonen du treng om kommunen din, men er det alltid det? Hå kommune treng di hjelp til å forbetra og digitalisera tenestene våre. Finn du lett fram til det du leiter etter? Får du mange papirskjema som kunne vore digitale? Korleis ønsker du å bestilla utleigelokale, time i Stampen eller time hjå ein av våre rådgivarar? Er det elles noko du synest er tungvint?
Me er alltid opptekne av å finna dei beste løysingane, og ønsker dine innspel.
iiii
Her kan du melda inn dine forslag
Sist endra 27.01.2021 08.59