Viktig melding

Lukk meldinga

Natteravn

Natteravn logo. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete

I Hå kommune har me natteravnordning på Nærbø, Varhaug, Vigrestad og Ogna (inkludert Brusand og Sirevåg). Foreldrearbeidsutvalet (FAU) ved ungdomsskulane set opp liste for når du som har barn i ungdomsskulen kan vera med som natteravn og skapa eit tryggare nærmiljø.

Natteravnane er ikkje ein organisasjon, men koordinert frivillig arbeid i lokalsamfunnet. Det er lokale grupper over heile Noreg. Tryg Forsikring er hovudsamarbeidspartner, og lokalt næringsliv er også ein viktig støttespelar for Natteravnane. Natteravnane har felles etiske retningslinjer.

Ta kontakt med FAU på på den enkelte ungdomsskule om du vil vera med som natteravn, eventuelt med Ungdomskoordinator på e-post natteravn@ha.kommune.no 

Ein natteravn:

  • er ein helt alminneleg, vaksen person med sunn fornuft (politisk og religiøs nøytral)
  • bidrar til eit godt oppvekstmiljø for barn og unge i nærområdet
  • vandrar ute i gata og andre stader der ungdom samlar seg på kvelds- og nattetid
  • bryr seg om barn og unge ved å vera til stades for dei når dei treng det
  • observerer, lyttar, gir rettleiing og hjelp når barn og unge tar kontakt og tilkallar hjelp om nødvendig
  • er edru, rusfri, blid, inkluderande og vennleg

Som natteravn

  • kan du vera med på å skapa tryggleik og trivsel i ditt lokalmiljø
  • kan du bidra til å skapa gode, sosiale møteplassar mellom unge og eldre
  • får du innblikk i barn og unge sin kvardag utanfor heimen
  • vert du kjend med andre engasjerte vaksne og ditt eige nærmiljø
  • får du mosjon, frisk luft og fellesskap med andre engasjerte vaksne