Viktig melding

Lukk meldinga

Strategi for sosiale medier

3 Retningslinjene våre

Hovudregel: Fridom med ansvar

Følgande retningslinjer gjeld for alle som administrerer sider som er oppretta i Hå kommune sitt namn:

3.1 Roller, ansvar, profil og bodskap

Roller, ansvar, profil og bodskap

  1. Husk at me alltid representerer kommunen når me skriv og svarer på kommunen si facebookside.
     
  2. Innlegg som blir publisert eller delt på kommunen si facebookside, skal ikkje innehalda partipolitisk bodskap. Dei fire siste månadene før eit val skal facebookredaksjonen heller ikkje dela frå sider som formidler politiske meiningar (f.eks ordføraren si side).
     
  3. Me sensurerer som hovudregel ikkje kommentarar frå innbyggarar. Men dersom det er personhets eller utlevering av sensitive personopplysningar, skjuler me kommentarane.
     
  4. Me ønsker å legga ut informative og publikumsnyttige meldinger. Snakk om og til innbyggarane. Fokuser på kva eit vedtak eller ei teneste betyr for den enkelte innbyggar.
     
  5. Me vil engasjera, ikkje provosera. Bodskap for hovudet – innpakning for hjarta.
     
  6. Me framsnakkar og vil gjera innbyggarane i kommunen stolt av å bu i Hå. Det fremjer felles identitet med følgarane våre.
     
  7. Me saksbehandler aldri på nett. På spørsmål som krev saksbehandling, eller har verdi som dokumentasjon, gjer me innsendar merksam på kommunen si dokumentasjonsplikt. Etterpå formidlar me spørsmålet vidare til rette instans.
     
  8. Det er lov å ha det gøy på Facebook – bruk gjerne humor! Rett bruk av humor kan vera nøkkelen til viral spreiing av ein bodskap, og kan gjera sjølv den mest trivielle bodskapen meir interessant. Men ver varsam så humoren ikkje krenker eller støter nokon.
     
  9. Som hovudregel marknadsfører me ikkje same arrangement eller sak meir enn ei gong. Unntak er arrangement eller kampanjar med eigne kommunikasjonsstrategiar styrt frå kommunikasjons- og innovasjonsavdelinga.
     
  10. Ver i forkant og inviter med innbyggarane på arrangement, heller enn å dela bilete i etterkant.
     

3.2 Språk

  1. Skriv som om du ville snakka til ein ven.
  2. Det er lov å ha det gøy og bruka humor. 
  3. Bruk gjerne emojies. Det aukar spreiinga. 
  4. Me brukar vennleg tone og sunn folkeskikk.

Svar på kommentarar:

  1. Me seier hei + namnet til den som kommenterer.
  2. Me seier helsing + namnet på den som svarer, og "servicetorget".
  3. Me svarer på det målføret som innskrivar brukar. Dialekt er lov.

3.3 Bilete og video

  1. Som hovudregel skal saker publiserast med anten bilete eller video. Eventuelt emojies.
     
  2. Video gir god spreiing og kan formidla meir enn tusen ord. Små animasjonsfilmar og videosnuttar treng ikkje vera vanskeleg å laga. Film litt med mobilen når du for eksempel er ute på anlegget, i brøytebilen, ute med hekksaksa eller på musikaløvinga.

 

  1. Når du bruker video, legg den inn på Facebook – ikkje del frå YouTube. Det gir betre spreiing.

 

  1. Hugs samtykke frå alle personar som kan identifiserast. Unntak er offentlege markeringar med større folkemengder som 17.mai-tog, konsertbilete og liknande.

 

  1. Mobilvideoar kan redigerast i appen Inshot. Animasjonar kan lagast i Biteable eller Animaker, som me har abonnement på.

 

 

3.4 Respons

  1. Me svarer på alle henvendelser.
     
    • Me svarer så raskt som mogleg (helst same arbeidsdag, seinast påfølgande).
    • Me seier hei + namn til den som tek kontakt/kommenterer.
    • Me er imøtekomande, uformelle, men likevel saklege. 
    • Me bruker du-form.
    • Me takkar for skryt.
    • Me prøver å ha korte dialogar.
    • Me rettar opp faktafeil og svarer med fakta og kunnskap.
    • Me skriv under med eige namn og kva avdeling/tenesteområde me jobbar ved.

3.5 Deling og lenker

  1. Er du redaktør på andre kommunale facebooksider? Då kan du invitera med Hå kommune (hovudsida) som medarrangør.
     
  2. Me deler ikkje saker frå sider som krev betaling (+saker), f.eks Jærbladet eller Stavanger Aftenblad, eller andre aviser/magasin med betalingsmur.
     
  3. Som hovudregel deler me bare arrangement der kommunen er arrangør eller medarrangør.
     
  4.  Dersom lenka dukkar opp som ein klikkbar boks under innlegget (når du ikkje legg inn eit bilete fyrst), kan du alltid sletta url-adressa etterpå. Lenka forsvinn ikkje.
     
  5. Skal du lenka til ei anna Facebookside, begynn med å skriva @, så vil sida dukka opp. Klikk på den – og vips så har du lenka klar!
     
  6. Ikkje lenk til eksterne sider med mindre du må. Dette svekker spreiingspotensialet. Lenker til kommunens egne sider er greitt. Sørg for at landingssida er riktig underside – ikkje forsida www.ha.no. Lag gjerne ein kortlink som for eksempel www.ha.no/renovasjon.

3.6 Auka rekkevidde

  1. Sjekk først korleis den organiske rekkevidda er. Legg på fremming om det går godt slik at den kan spreiast vidare.  Dette skal dei ulike tenesteområda betala sjølv
  2. Du kan målretta innlegga til spesifikke målgrupper. Det er spesielt aktuelt ved fremming av stillingsannonsar.
  3. Me inviterer alltid dei som har likt innlegget til å følga sida.