Viktig melding

Lukk meldinga

Hå idrettsråd

Hå idrettsråd og Hå kommune har felles mål (PDF, 37 kB) i å skapa eit levande lokalsamfunn der det er godt tilrettelagt for idrett og fysisk aktivitet, og folk kjenner seg heime, finn tryggleik, meining og trivsel

Idrettsrådet i Hå samarbeider med Hå kommune om prosjektet Folkepulsen.

Idrettsrådet består av alle idrettslaga i kommunen som er medlemmer av NIF. Alle kommunar med fleire enn tre idrettslag skal ifølge NIFs lovverk ha eit idrettsråd.
 

Idrettslag med medlemskap i NIF blir automatisk medlem i idrettsrådet i sin kommune. Idrettskrinsen har service- og støtteoppgåver overfor idrettsråda og skal sørge for at det vert oppretta idrettsråd i alle kommunar. Idrettskrinsane godkjenner også idrettsråda si lovnorm.

Arbeidsområder:
Idrettsrådet skal arbeide for best mulige forhold for idretten i kommunen. Idrettsrådet skal vera ein arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og dei kommunale myndigheter og mellom laga og idrettskretsen.

Blant idrettsrådet sine oppgåver er å formidle idrettslaga sine anleggsbehov til kommunale myndigheter, og å fordele tilskot til "Lokale aktivitetsmidlar" (LAM). 

Basis-lovnorm for idrettsråd (IR), § 1 Formål:

"Idrettsrådet skal arbeide for best moglege vilkår for idretten i kommunen.   Idrettsrådet skal vere ein arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og dei kommunale styresmakter og mellom laga og idrettskrinsen.

Arbeidet skal pregast av frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegheit."