Viktig melding

Lukk meldinga

Kunnskapsprøve for sals- og skjenkeløyve

Det er to typar kunnskapsprøvar: Ein for salsløyve i butikk, og ein for skjenkeløyve på serveringsstad og arrangement.

Kven kan ta kunnskapsprøve?

Alle kan ta kunnskapsprøvane. Dersom du skal bli godkjend som styrar eller vara på stader med sals- eller skjenkeløyve, må du ha bestått prøven. Du må i tillegg ha fylt 20 år.

Kva kostar det?

Det kostar 400 kroner å ta kunnskapsprøven.

Korleis går du fram for å ta prøven?

Kunnskapsprøven er ein elektronisk fleirvalsprøve arrangert av Skjenkekontrollen.  

Du kan lesa meir om kunnskapsprøven på Skjenkekontrollen sine nettsider.

Her kan du melda deg på for å ta kunnskapsprøven. 

Pensum

Salsløyve: Kunnskap om alkohollova sine kapittel 1, 3, 7, 8 og 9 og alkoholforskriften.

Skjenkeløyve: Kunnskap om alkohollova sine kapittel 1, 4, 5, 7, 8 og 9  og alkoholforskriften.

Det finst bøker og anna læremateriell som inneheld det du treng vita før kunnskapsprøvene, til dømes på vinn.no.