A-laget og Vennegruppa
Tilrettelagde fritidstilbod for unge som bur i Hå. Tilboda er for deg som treng fritidsaktivitet i ei lita gruppe med tett oppfølging. Det er minst to leiarar på begge gruppene. Deltakartalet er avgrensa. Me tilbyr som regel eit lett måltid når aktiviteten startar.
A-laget
Frå 5. til og med 9. trinn onsdagar kl. 1430.
A-laget lagar mat, dreg på turar, og kan drive med biljard og andre spel, musikk, basseng og mykje anna spennande.
Møt opp ved Hå kulturtorg, Torlandsvegen 14, Nærbø.
Vennegruppa
Frå 10. klasse og ut vidaregåande, torsdagar kl. 1500.
Vennegruppa bruker kulturtorget, reiser på rånetur, bowlar, leikar i gymsalen på Bø, mm.
Møt opp ved Hå kulturtorg, Torlandsvegen 14, Nærbø.
Deltakaravgift for våren: kr. 900,-.
Utgifter som inngangspengar kan koma i tillegg.
For meir informasjon ta kontakt på mob. 476 51 190.
Søknadsfrist: 7. juni
Her finn du meir informasjon om tilbodet (PDF, 178 kB).
Søknadskjema A-laget og Vennegruppa. (PDF, 177 kB)
Prosjekt kunst - og kulturuttrykk
Du mellom 15 og 25 år som er glad i å skape noko – forme, teikne, male eller likar å danse fritt eller likar å skrive:
Jærkommunane startar nytt prosjekt i Kulturbanken, Bryne.
Her finn du meir informasjon om tilbodet og om påmelding.
Open klubb for unge vaksne
Måndag i partalveker kl 1830 til 2030. Hå kulturtorg.
Godt drøs, litt aktivitet og minikiosk, frå 5. september av.
For deg under 30 som klarer deg så toleg godt sjølv.
For meir informasjon ta kontakt på mob. 476 51 190.
Kulturkafe
Kulturkafe for vaksne på Hå kulturtorg, Nærbø kvar torsdag og ein måndag kvar månad, kl. 18.30.
Unikt Teater
Interkommunal teaterverkstad på Klepp for unge og vaksne med utviklingshemming.
Gruppa vert driven i samarbeid mellom Time, Gjesdal, Klepp og Hå.
Hå Kulturskule
Kulturskulen tilbyr tilrettelagt undervisning, mellom anna i musikk og visuelle kunstfag.
Her finn du informasjon om kulturskulen sine tilbod.
Andre tilbod
Bowling, sommaraktivitetar og temakveldar for foreldre og støttekontaktar.
Følgekort
Har du ei funksjonshemming som gjer at du treng følge for å delta på kulturaktivitetar, kan du søke om følgekort / ledsagerbevis.
*Lenke til søkndsskjema kjem her ganske snart*
Ungdomsklubb
For alle frå 8. klasse.
Loen ungdomsklubb, Nærbø – onsdag kl. 17.00 - 21.00.
Les meir om Loen ungdomsklubb her.
Lensmannsløa ungdomsklubb, Varhaug – tysdag kl. 14.00 – 20.00.
Les meir om Lensmanssløa ungdomsklubb her.
Ogna ungdomsklubb – torsdag kl. 14.30 – 20.30.
Les meir om Ogna ungdomsklubb her.
Lag og organisasjoner
Lag og organisasjoner gir mange tilbod til barn og unge. Hå kulturtorg tilbyr oppfølging til deg som vil delta i t.d. idrettslag, ungdomslag, 4H, speidar, korps mm.
Tilskot
Organisasjonar som har rett til tilskot kan søke støtte til meirutgifter til inkludering på nærare vilkår. Her finn du opplysningar om tilskotsordninga
Kontaktinformasjon
Kulturtorget, Torlandsvegen 14, 4365 Nærbø
Telefon: 47651190
E-post: post.kulturtorget@ha.kommune.no