Deling av eigedom

Ved deling av eigedom tek du areal frå ein eksisterande eigedom og dannar ein ny. Den nye eigedomen får sitt eige gards- og bruksnummer og blir registrert i matrikkelen (nasjonalt eigedomsregister) og grunnboka (tinglysing). Ny eigedom kan vera ny grunneigedom, ny anleggseigedom, ny festegrunn eller nytt jordsameige.

Du må søka om løyve til deling av eigedom etter plan- og bygningslova.  I nokre tilfelle kan det også vera krav om løyve etter jordlova. Dette gjeld spesielt i område der landbruksareal er involvert. Etter at du har fått delingsløyve må du bestilla oppmåling der den nye eigedomen blir merka og målt.

Korleis går du fram ?

Søknad om deling - totrinns prosess:

Steg 1 - byggesaksavdelinga

Først blir saka handsama av byggesaksavdelinga etter plan- og bygningsloven. Sjå meir informasjon her: https://www.ha.no/byggesak-eigedom-og-kart/byggesak/slik-sender-du-inn-ein-byggesoknad/

 

Steg 2 - kart- og oppmålingsavdelinga

Etter at løyve om deling er gjeve, går saka til kart- og oppmålingsavdelinga.

Gjennomføring av oppmålingsforretning

  • Kart- og oppmålingsavdelinga blir gjort kjent ved vedtaket etter plan- og bygningslova.
  • Dersom det ikkje er bestilt oppmåling saman med delesaka, må ein fylle ut og sende inn skjemaet «Krav om matrikulering, herunder rekvisisjon av oppmålingsforretning». Skjemaet kan hentast her: https://kartverket.no/eiendom/skjema/rekvisisjon-om-matrikkulering-herunder-rekvisisjon-av-oppmalingsforretning 
  • Hovudregelen er at det er den som har grunnboksheimel som eigar som rekvirerer og sender bestillinga. Bestillinga sendes elektronisk til teknisk@ha.kommune.no eller Hå kommune, Rådhusgata 8, 4360 Varhaug.
  • Me tar kontakt med deg og avtaler tidspunkt for møte og oppmåling. Me sender varsel om oppmålingsforretning til bestillar, naboar og moglege rettighetshavarar til arealet som skal delast. Varselet blir sendt ut minst to veker føre oppmøtet i marka. Anna tidsfrist kan avtalast. Dersom nokon skal møte i staden for dei som er varsla, må desse ha skriftleg fullmakt.
  • Under oppmålingsforretninga vil dei eksisterande grensene bli påvist og eventuelt nymerka. Nye grenser til den nye eigedomen blir merka slik det framgår av delingsløyvet. Alle eigedomsgrenser som blir avklart i oppmålingsforretninga blir registrert i matrikkelen. Den nye eigedomen blir gjeve eige gards- og bruksnummer.
  • I vedtaket om deling kan det vera gjeve særskilte vilkår som må oppfyllast før den nye eigedomen kan tinglysast. Dette kan vere krav om vegrett o.l. Er det tinglyst urådighet på eigedommen må samtykke fra rettighetshaver leggast med. Med å logge inn med Min-ID kan du sjå kven som er tinglyst eigar og hva heftelsar som er tinglyst på eigedomen her: https://seeiendom.kartverket.no/

Kart- og oppmålingsavdelinga har 16 veker på seg å gjennomføra merking og måling av den nye eigedomen etter at vedtaket er fatta.

Når saka er fullført og tinglyst vil alle berørte partar bli gjort kjent med matrikkelføringa.

Kva kostar det?

Utdrag av gebyrregulativet:

  • Grunneigedom og festegrunn (0 – 1000 m²): kr 20300,-
  • Grunneigedom og festegrunn (1001 – 2000 m²): kr 22400,-
  • Anleggseigedom (0 – 2000 m²): kr 31000,-
  • Jordsameige: etter medgått tid

Tinglysningskostnader kjem i tillegg.

Overføring av eigedom

  • Overføring av den nye eigedomen til ny eigar må bestillar (heimelshavar) sjølv ordna opp i.
  • Meir informasjon om å overføra eigedom finn du på Kartverket sin nettside: https://kartverket.no/eiendom/overfore-eiendom