Viktig melding

Lukk meldinga

Snublestein – minnesmerke i Hå kommune

Eitt av offera for Holocaust var Ludwig Melzer, som budde på Ogna. For at Melzer og historia hans ikkje skal verte gløymt, la Hå kommune  i  samarbeid med Hå historielag og Jødisk museum i Oslo ned ein «snublestein» for Melzer ved Ogna skule/biblioteket på Ogna.

Bilde av Ludwig Melzer - Klikk for stort bilete

«Snublesteinar» er minnesmerke over offer for nazismen under andre verdskrigen. Kvar stein er utforma som ein brustein og vert lagt ned i gata. Det var kunstnaren Gunter Demnig som sette i gang prosjektet.

Prosjektet starta i 1994, og så langt er det lagt ned 70.000 snublesteinar over heile Europa. For meir informasjon, sjå www.snublestein.no.

Melzer var jøde og fødd i Bøhmen. Han kom til Noreg i 1939 som politisk flyktning, og slo seg ned på Ogna. Han budde på garden til Ole Kvianes. Melzer vart tilsett som driftsleiar ved A/S Ogna Fabrikker, som produserte tangprodukt.

Melzer var utdanna kjemiingeniør og hadde arbeidd ved ulike utanlandske kjemiske fabrikkar. Han blei god venn med Christian Nielsen, bestyrar ved Jæren Elektrisitetsverk på Ogna.

Blomekrans Luwdig Melzer - Klikk for stort bilete

Ludwig Melzer blei arrestert av lensmannen i Egersund og Ogna i oktober 1942, 56 år gamal.

I november 1942 blei han, saman med fleire andre jødar frå Rogaland, deportert til Auschwitz med D/S Donau. Han vart snart drepen der.